Profeten Jeremia 7
1 Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:
2 Gakk og statt i porten til Herrens hus og ropa ut der dette ordet og seg: Høyr Herrens ord, alt Juda, de som gjeng inn gjenom desse portane og vil tilbeda Herren!
3 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Lat dykkar vegar og dykkar gjerningar betrast, so skal eg lata dykk bu på denne staden.
4 Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: Her er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!
5 Men um de let dykkar vegar og gjerningar betrast, um de skifter rett millom mann og mann,
6 ikkje er harde mot den framande, den farlause og enkja og ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje fylgjer andre gudar til ulukka for dykk sjølve,
7 då vil eg lata dykk bu på denne staden, i landet som eg gav federne dykkar, frå æva og til æva.
8 Sjå, de lit på ljugarord - til fånyttes.
9 Er det ikkje so: de stel, myrder og driv hor og gjer rang eid og brenner røykjelse for Ba'al og fylgjer andre gudar, som de ikkje kjenner,
10 og so kjem de og stend framfor mi åsyn i dette huset som er uppkalla etter mitt namn, og segjer: No er me berga - og so tenkjer de at de kann halda fram med all denne styggedomen.
11 Er då dette huset som er uppkalla etter mitt namn, vorte eit røvarbol i dykkar augo? Sjå, eg og hev set det, segjer Herren.
12 Gakk til min bustad som var i Silo, der som eg i fyrstningi let namnet mitt bu, og sjå kva eg hev gjort med det for vondskapen skuld i mitt folk Israel!
13 Og no, etter di de gjer alle desse gjerningane, segjer Herren, og de ikkje vilde høyra når eg tala til dykk jamt og samt, eller svara når eg ropa på dykk,
14 so vil eg gjera med det huset som er uppkalla etter mitt namn, og som de lit på, og med den staden eg gav dykk og federne dykkar, like eins som eg hev gjort med Silo,
15 og eg vil støyta dykk burt frå mi åsyn, som eg støytte frå meg alle brørne dykkar, all Efra'ims ætt.
16 Men du, du skal ikkje beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for dei og ikkje naudbeda meg; for eg høyrer deg ikkje.
17 Ser du ikkje kva dei gjer i Juda-byane og på Jerusalems-gatone?
18 Borni sankar i hop ved, og federne kveikjer eld, og kvinnone knodar deig til å laga kakor åt Himmeldronningi, og drykkoffer renner dei ut for andre gudar, til å valda meg sorg.
19 Tru det er meg dei valdar sorg? segjer Herren; er det ikkje seg sjølve, so skammi skal liggja utanpå dei?
20 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå, min vreide og min harm vert utrend yver denne staden, yver folk og dyr, yver trei på marki og grøda på jordi, og han skal brenna og ikkje slokna.
21 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Berre legg brennofferi dykkar attåt slaktofferi og et kjøt!
22 For den dagen eg førde federne dykkar ut or Egyptar-landet, tala eg ikkje med dei um eller gav dei noko bod um brennoffer og slaktoffer;
23 men dette bodet var det eg gav dei: Høyr på mi røyst, so skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk, og gakk allstødt på dei vegane som eg byd dykk, so det kann ganga dykk vel.
24 Men dei høyrde ikkje og la ikkje øyra sitt til, dei fylgde sine eigne tankar, sitt vonde, harde hjarta, og dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet.
25 Alt frå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptar-landet, og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetane, til dykk.
26 Men dei lydde ikkje på meg og la ikkje øyra sitt til; dei var hardnakka og bar seg verre åt enn federne deira.
27 Og um du talar alle desse ordi til dei, vil dei ikkje lyda på deg, og um du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg.
28 Seg då til dei: Dette er folket som ikkje lydde på Herrens, sin Guds røyst og ikkje let seg aga; ærlegdomen hev kvorve burt og ut-øydd or deira munn.
29 Klypp av håret ditt* og kasta det burt og set i med eit syrgjekvede på dei snaude haugane! For Herren hev vanda og støytt frå seg den ætti som han er harm på.
30 For Juda-borni hev gjort det som eg mislikar, segjer Herren; dei hev sett sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, og sulka det.
31 Og dei hev bygt Tofet-haugane i Hinnomssons-dalen til å brenna sine søner og døtter i elden på, slikt som eg aldri hev sett dei til, og som aldri var i mine tankar.
32 Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja "Tofet" eller "Hinnomssons-dalen", men "Dråpsdalen"; og dei skal gravleggja folk i Tofet, av di det ikkje finst anna rom.
33 Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi, og ingen skal skræma dei burt.
34 Då vil eg lata kverva burt or byane i Juda og frå gatone i Jerusalem fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur; for landet skal verta lagt i øyde.