«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 6

1  Fly, de Benjamins-born, ut or Jerusalem, og blås i her-lur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! For ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.

2  Den fagre og kjælne, Sions dotter, henne tyner eg.

3  Til henne skal hyrdingar koma med hjordene sine; dei slær upp tjeld imot henne rundt i kring, dei beiter av kvart sitt stykke.

4  Vigsla dykk til strid mot henne! Statt upp og lat oss draga upp høgst å dag! Usæle me! For det lid på dagen, og kveldskuggane lengjest.

5  Statt upp og lat oss draga upp um natti, og lat oss leggja hennar slott i øyde!

6  For so segjer Herren, allhers Gud: Hogg tre og kasta upp ein voll mot Jerusalem! Det er byen som skal verta heimsøkt; han er fullsett med valdsferd all igjenom.

7  Som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram; valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn.

8  Lat deg segja, Jerusalem, so mi sjel ikkje skal venda seg frå deg, so eg ikkje skal gjera deg til ei audn, til eit ubygt land.

9  So segjer Herren, allhers Gud: Ei attpå-sanking, liksom på eit vintre, skal dei halda på det som er att av Israel.*Rett ut handi di, uppatt og uppatt, liksom druvesankaren til rankane.

10  Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore, so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord hev vorte til spott bland dei, dei likar det ikkje;

11  men eg er full av Herrens harm, eg er trøytt av å halda han inne.*Renn han ut yver barnet på gata og yver heile ungdomsflokken! Ja, mann som kvinna skal han råma, den gamle med den utgamle,

12  og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins; for eg vil retta ut mi hand mot dei som bur i landet, segjer Herren.

13  For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik,

14  og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: Fred, fred! endå det ingen fred er.

15  Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort stygge ting. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast; difor skal dei falla med dei som fell; på den tid eg heimsøkjer dei, skal dei snåva, segjer Herren.

16  So sa Herren: Statt på vegane og sjå etter, og spør etter dei gamle stigane, spør kvar vegen til det gode er, og ferdast på den! So skal de finna kvild for sjelene dykkar. Men dei sa: Me vil ikkje ferdast på han.

17  Og eg sette vaktmenner yver dykk og sa: Lyd vel etter lurljomen! Men dei sa: Me vil ikkje lyda etter.

18  Dior høyr, de heidningefolk, og vit, du lyd, kva som hender hjå dei!

19  Høyr, du jord: Sjå, eg fører ulukka yver dette folket, den grøda deira meinråder hev bore; for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og mi lov hev dei vanda.

20  Kva skal eg med røykjelse frå Sjeba og med den beste kalmus frå eit land langt burte? Brennofferi dykkar er ikkje til hugnad for meg, og slaktofferi dykkar vil eg ikkje hava.

21  Difor segjer Herren so: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, og både feder og born skal snåva på dei; granne med granne skal verta tynt.

22  So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå landet i nord, eit stort folk tek ut frå utkanten av jordi.

23  Um boge og spjot held dei traust; illharde er dei og sparer ingen; røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som hermenner, mot deg, du Sions dotter!

24  Me hev fenge fretnader um det, maktstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider.

25  Gakk ikkje ut på marki og ferdast ikkje på vegen! For fienden hev sverd, det er redsla rundt ikring.

26  Du mitt folks dotter! Sveip deg i sekk og velt deg i oska, set i syrgjelæte som yver einaste barnet, øya deg sårt! For brått kjem tynaren yver oss.

27  Eg hev sett deg til ransakar hjå mitt folk, til ei fast borg, so du skal kjenna og ransaka deira veg.

28  Alle saman er dei fråfalne og stridige; dei gjeng og baktalar, dei er kopar og jarn; alle saman fer dei med tyning og tjon.

29  Smidjebelgen er uppbrend av elden, blyet er upptært; til fåfengs hev all smeltingi vore, og dei vonde er ikkje utskilde.

30  "Sylv som er vanda" kallar dei dei; for Herren hev vanda dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23