«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 52

1  Sedekias var ein og tjuge år då fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamital; ho var dotter åt Jirmeja og var frå Libna.

2  Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom Jojakim.

3  For det var for Herrens vreide skuld det gjekk som det gjorde med Jerusalem og Juda, til dess han kasta dei burt frå si åsyn. Um ei tid sa Sedekias seg laus frå Babel-kongen.

4  I niande året av kongedømet hans, tiande dagen i tiande månaden kom Nebukadnesar, Babel-kongen, til Jerusalem med heile heren sin. Han lægra seg mot byen, og dei bygde skansar rundt ikring bymuren.

5  Dei heldt byen kringsett alt til ellevte året av kongedømet åt Sedekias;

6  i det året, den niande dagen i fjorde månaden, då svolten hadde vorte hard i byen, og landslyden ikkje hadde meir mat,

7  vart det brote hol i bymuren. Då rømde alt stridsfolket um natti gjenom porten millom båe murane innmed kongshagen, medan kaldearane låg rundt ikring byen. Dei tok vegen til Moane.

8  Men kaldearheren sette etter kongen og nådde han att på Jeriko-moane; då hadde heile heren hans rømt ifrå han og spreid seg.

9  Kaldearane tok kongen og førde han upp til Ribla, der Babel-kongen var, og han sa domen yver han.

10  Babel-kongen drap sønene åt Sedekias for augo hans; sameleis drap han alle hovdingane i Juda der i Ribla.

11  Sedekias sjølv let han blinda; so let han dei binda han med tvo koparlekkjor og førde han til Babel og heldt han i fengsel til hans døyande dag.

12  Tiande dagen i femte månaden - det var nittande året av Nebukadnesars kongedøme i Babel - kom ein av dei høgste mennene hjå Babel-kongen - Nebusaradan heitte han og var hovding for livvakti - til Jerusalem.

13  Han brende upp Herrens hus og kongsgarden; og alle husi i Jerusalem - alle dei som høyrde stormennene til - sette han eld på.

14  Og heile kaldearheren som livvakt-hovdingen hadde med seg, reiv ned alle murane ikring Jerusalem.

15  Sume av dei ringaste av folket og resten av folket, dei som var att i byen, og dei som var falne ifrå og hadde gjenge yver til Babel-kongen, og resten av ålmugen førde han - Nebusaradan, hovdingen for livvakti - burt.

16  Berre nokre av dei ringaste i landet let Nebusaradan, livvakt-hovdingen, vera att; dei skulde arbeida i vinhagane og på åkrane.

17  Koparsulone i Herrens hus og fotstykki og koparhavet som stod i Herrens hus, braut kaldearane sund og førde all koparen til Babel.

18  Oskefati og eldskuflene og knivane og røykjelses-skålene og alle kopar-gognene som hadde høyrt til gudstenesta, tok dei og.

19  Og skålene og glodpannone og blodbollane og oskefati og ljosestakane og røykjelses-skålene og staupi - alt, berre det var gull og sylv, tok livvakt-hovdingen med seg.

20  De tvo sulone og det parlause havet og dei tolv koparuksane som var under fotstykki som Salomo hadde laga åt Herrens hus - alt det var det so mykje kopar i at det var ikkje råd å vega det.

21  Um sulone er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner nådde rundt um henne; ho var fire fingrar tjukk og innhol.

22  Ovanpå henne var det eit sulehovud av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var flettverk og granateple rundt ikring sulehovudet, alt saman av kopar; sameleis var det med den andre sula, som og hadde granateple.

23  Granatepli var seks og nitti i talet utetter; i alt var det hundrad granateple på flettverket rundt ikring.

24  Hovdingen for livvakti tok med seg Seraja, øvstepresten, og Sefanja, den næst øvste presten, og dei tri dørstokk-vaktarane,

25  og av byfolket tok han med seg ein hirdmann som var hovudsmann yver herfolket, og sju menner av dei som allstødt hadde vore ikring kongen, og som endå fanst i byen, og skrivaren åt herhovdingen - han som skreiv ut landslyden til hertenesta - og seksti mann av landslyden som dei fann i byen -

26  alle desse tok Nebusaradan, hovdingen for livvakti, med seg til Ribla, til Babel-kongen.

27  Og Babel-kongen let drepa dei der i Ribla i Hamat-landet. Soleis vart Juda-folket ført burt frå landet sitt.

28  Her er talet på dei som Nebukadnesar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar;

29  i Nebukadnesars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjeler frå Jerusalem;

30  i Nebukadnesars tri og tjugande år førde Nebusaradan, livvakt-hovdingen, burt sju hundrad og fem og fyrti sjeler av jødane; i alt var det fire tusund og seks hundrad sjeler.

31  I sju og trettiande etter Jojakin, Juda-kongen, var førd i utlægd, fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babel - same året som han vart konge - tok Jojakin, Juda-kongen, til nåde og henta han ut or fangehuset.

32  Han tala venleg med han og gav han øvste sessen millom dei kongane som var hjå han i Babel.

33  Jojakin la av seg fangebunaden og gjekk sidan stødt til bords hjå kongen, so lenge han levde.

34  Det han laut hava til stendigt livsupphelde, vart send han frå kongen, kvar dag det han trong for dagen, og soleis var det heile hans levetid, til hans døyande dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23