«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 51

1  So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot dei som bur i Leb-Kamai*.

2  Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta det og tøma landet; for dei skal setja på det frå alle leider på ulukkedagen.

3  Mot den som spenner boge, skal bogeskyttaren spenna bogen sin, og mot den som briskar seg i brynja; spar ikkje sveinane i landet, bannstøyt heile heren der!

4  Då skal daudslegne menner falla i Kaldear-landet, og stungne menner på gatone.

5  For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, Herren, allhers Gud, endå landet deira er fullt av skuld mot Israels Heilage.

6  Fly ut or Babel, kvar og ein berge sitt liv, so de ikkje tynest ved Babels misgjerning! Ei hemne-tid er det for Herren; han gjev Babel lika for det som det hev gjort.

7  Babel var eit gullstaup i Herrens hand, som gjorde all jordi drukki; av vinen i det drakk folki, difor bar folki seg som galne.

8  Dåtteleg datt Babel og vart krasa; barma dykk yver det, henta balsam for pinsla det lid, kann henda det kunde verta lækt.

9  Me hev vilja lækja Babel, men det let seg ikkje lækja. Skil lag med det, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver det rekk upp til himmelen og når radt upp i skyene.

10  Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!

11  Gjer pilene blanke, grip skjoldane! Herren hev vekt upp åndi åt medarkongane; for mot Babel hev han vendt sine tankar, han vil øydeleggja det; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.

12  Reis hermerke mot Babel-murane, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, legg folk i løynlega! For Herren hev både tenkt ut og set i verk det han hev tala mot Babel-buane.

13  Du som bur attmed mykje vatn, du som er rik på skattar! Din ende er komen, målet for di vinning er fullt.

14  Herren, allhers Gud, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hev fyllt deg med menneske som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast fagnadsrop yver deg.

15  Det var han som skapte jordi med si kraft, som grunnfeste jordheimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.

16  Med sin toredun fær han vatni i himmelen til å dynja; han let eim stiga upp frå enden av jordi, sender eldingar med regn og fører vind ut or gøymslene sine.

17  Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det; kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bileti sine, dei støypte bileti hans er lygn, og det er ingi ånd i dei.

18  Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med dei.

19  Men han som er Jakobs arvlut, er ikkje lik dei; for det er han som hev skapt alle ting og den ætt som er odelen hans; Herren, allhers Gud, er namnet hans.

20  Du* er hamaren min, stridsvåpnet mitt; med deg krasar eg folkeslag, og med deg øyder eg kongerike;

21  med deg krasar eg hest og ridar, og med deg krasar eg vogn og køyrar;

22  med deg krasar eg mann og kvinna, og med deg krasar eg gamal og ung, svein og møy;

23  med deg krasar eg hyrding og hjord, og med deg krasar eg pløgjaren og uksane hans, og med deg krasar eg jarlar og landshovdingar.

24  Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldea, lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.

25  Sjå, eg kjem yver deg, du Tynings-fjell, segjer Herren, du som tyner all jordi, og vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrane og gjera deg til eit utbrent fjell.

26  Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein. Men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren.

27  Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot det, byd ut imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenas, set inn herhovdingar imot det, før fram hestar som bustute engsprettor!

28  Vig folkeslag til strid imot det, kongane i Media, jarlane og alle landshovdingane der og heile det land han* råder yver!

29  Då dirrar jordi og bivrar; for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.

30  Kjempone i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgene, deira kraft er kvorvi, kvinnor hev dei vorte; det er sett eld på bustadene der, bommane er sprengde.

31  Laupar løyp mot laupar og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,

32  at vadi er i fiendevald, vassdammane uppturka med eld, og hermennene forfærde.

33  For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, so kjem skurdonni for henne.

34  Nebukadnesar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken min med forkunnmat; burt hev han drive oss.

35  Dei valdsverk som vart gjorde mot mitt kjøt, lat dei koma yver Babel! - so må Sion-buane segja - og mitt blod koma yver Kaldea-folket! - so må Jerusalem segja.

36  Difor segjer Herren so: Sjå, eg fører di sak og tek hemn for deg, og eg let havet der turkast upp og kjelda der torna.

37  Og Babel skal verta til røysar, eit sjakal-bøle, til ei skræma og til hæding, so ingen bur der.

38  Alle burar dei som ungløvor, dei gryler som løveungar.

39  Når dei er heite vortne*, vil eg gjera eit drikkelag for dei og gjera dei drukne, so dei skal fagna seg og so sovna i ein æveleg svevn og ikkje vakna**, segjer Herren.

40  Eg vil føra dei ned til slakting som lamb, som verar og bukkar.

41  Sjå, Sesak* er teke, ho som var ei frægd for all jordi, er herteki! Kor Babel hev vorte til ei skræma millom folki!

42  Havet hev stige upp yver Babel, det er løynt av dei marmande båror.

43  Byane der hev vorte til ei audn, eit turt land og ein aud mo, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn ferdast i.

44  Og eg heimsøkjer Bel i Babel og tek det han hev gløypt i seg, ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til han; Babel-muren er fallen, han og.

45  Far ut derifrå, mitt folk, kvar mann må berga sitt liv - for Herrens brennande vreide!

46  Og ver ikkje hugfalne og redde for dei tiender som spørst i landet, um det kjem ei tiend det eine året og ei onnor eit anna år, og um det råder vald i landet, og drott ris mot drott.

47  Sjå, difor skal dei dagar koma då eg heimsøkjer dei utskorne bileti i Babel, og heile landet skal verta til skammar, og alle mennene skal vert drepne og falla der.

48  Då skal himmel og jord og alt som i dei er, fagna seg yver Babel; for nordantil skal tynarane koma yver det, segjer Herren.

49  Babel skal og falla, de Israels-menner som er ihelslegne! Babel-buane skal og falla, de som er ihelslegne utyver heile jordi!

50  De som hev sloppe undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Kom Herren i hug frå burtlengste land og minnest Jerusalem!

51  Me stod der skjemde, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlet, for framande hadde kome yver heilagdomane i Herrens hus.

52  Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då eg heimsøkjer dei utskorne bileti i Babel, og i heile landet skal såra menner stynja.

53  Um so Babel vil stiga upp til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal tynarar frå meg koma yver det like vel, segjer Herren.

54  Naudrop høyrest frå Babel, det er stort tjon i Kaldear-landet.

55  For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket i byen; og bårone deira* skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma.

56  For yver det, yver Babel, kjem ein tynar, og kjempone der vert fanga, bogane deira sundbrotne; for Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han løner, han gjev lika.

57  Eg vil gjera dei drukne, hovdingane og vismennene der, jarlane og krigshovdingane og kjempone, og dei skal sovna i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers Gud, er namnet hans.

58  So segjer Herren, allhers Gud: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portane, dei høge, skal verta uppbrende, so folk skal ha mødt seg for inkje, og folkeslag streva seg trøytte for elden.

59  Dette er den fyresegni som profeten Jeremias gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel saman med Sedekias, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. - Seraja var den som sytte for herbyrge.

60  Jeremias skreiv upp i ei bok all den ulukka som skulde koma yver Babel, alle desse ordi som er skrivne um Babel.

61  Og Jeremias sa til Seraja: Når du kjem til Babel, då sjå til at du les upp alle desse ordi!

62  Og du skal segja: Herre, du hev tala mot denne staden og sagt at du vil øyda han, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, men at han skal verta til ævelege audner.

63  Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne ut i Eufrat

64  og segja: Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att, for den ulukka som eg let koma yver byen, og maktlause skal dei liggja der. Her når Jeremias-ordi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23