«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 50

1  Dette er det ordet som Herren tala um Babel, um Kaldear-landet, ved profeten Jeremias.

2  Kunngjer det millom folki og lat det frettast og set upp hermerke! Lat det frettast, dyl det ikkje! Seg: Babel er teke, Bel hev vorte til skammar, Merodak er livskræmd, gudebileti hev vorte til skammar, dei ufysne avgudane er livskræmde!

3  For eit folk kjem imot det nordantil, det gjer landet der til ei øydemark, so ingen bur i det; både folk og fe er rømde burt.

4  I dei dagane og i den tidi, segjer Herren, skal Israels-borni koma, dei og Juda-borni i lag; gråtande skal dei ganga, og Herren sin Gud skal dei søkja.

5  Etter Sion skal dei der spyrja, hit er deira andlet vende: Kom og gjev dykk til Herren i ei æveleg pakt, som ikkje skal gløymast!

6  Burtkomne sauer var mitt folk, hyrdingane deira hadde ført dei på villstig, snutt dei upp i fjelli*; frå hamar til haug gjekk dei, dei gløymde sin kvilestad.

7  Alle som fann dei, åt på dei, og fiendane deira sa: Me skal ikkje bøta for det - for di dei hadde synda mot Herren, bustaden åt rettferdi, og mot voni åt federne deira, Herren.

8  Fly ut or Babel og far burt or Kaldear-landet, og gakk som bukkar fyre hjordi!

9  For sjå, eg vekkjer upp frå landet i nord ein skare av store folkeslag og let dei fara mot Babel, og dei skal fylkja seg imot det; dei skal hertaka det; pilene deira er som frå ei røynd kjempa, ingen kjem att med ugjort.

10  Og Kaldea skal verta til herfang; alle som ranar det, skal få sitt nøgje, segjer Herren.

11  Ja gled dykk berre, fagna dykk berre, de som herjar odelen min! Berre hoppa i veret som kviga når ho treskjer*, og kneggja som dei sterke hestar.

12  Mor dykkar vert ovleg til skammar, ho som fødde dykk, blygjest; sjå, den siste millom folki vert ho, ei øydemark, eit turt land og ein aud mo.

13  For Herrens vreide skuld, skal det liggja der ubygt og alt igjenom vera ei audn; alle som fer framum Babel, skal reddast og spotta yver alle plagone det hev.

14  Fylk dykk mot Babel rundt ikring, alle de bogeskyttarar! Skjot på det, spar ikkje på pilene! For mot Herren hev det synda.

15  Set i herrop mot det rundt ikring! Babel hev gjeve seg, falne er grunnvollane, nedrivne er murane; for det er Herrens hemn. Hemn dykk på det! Gjer med det like eins som det hev gjort!

16  Ryd ut or Babel både såmannen, og den som brukar sigden i skurdonni! For det herjande sverdet skal dei snu heim kvar til sitt folk og fly kvar til sitt land.

17  Ein buvill sau er Israel, løvor hev jaga han av; fyrst åt Assur-kongen på han, og no sist hev Nebukadnesar, Babel-kongen, knasa hans bein.

18  Difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå eg heimsøkjer Babel-kongen og landet hans, som eg heimsøkte Assur-kongen.

19  Og eg vil føra Israel attende til hans beitemarker, og han skal beita på Karmel og i Basan, og på Efra'ims-fjelli og i Gilead skal han få eta sitt nøgje.

20  I dei dagane og i den tidi, segjer Herren, skal dei leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for eg vil tilgjeva dei som eg let vera att.

21  Far upp mot Merata'im-landet* og mot dei som bur i Pekod*! Set etter dei, øyd dei og bannstøyt dei, segjer Herren, og gjer i alle måtar som eg hev sett deg til!

22  Det er stridsgny i landet og stort tjon.

23  Kor han er broten og knasa den hamaren som slo all jordi! Kor Babel hev vorte til ei skræma millom folki!

24  Eg sette snara for deg, og du gjekk deg fast, Babel, og visste ikkje av det; du vart funne, og gripe med; for mot Herren hadde du gjeve deg i strid.

25  Herren hev late upp våpenhuset sitt og teke ut sine vreidesvåpen; for Herren, Israels Gud, allhers Gud, hev eit arbeid å gjera i Kaldear-landet.

26  Kom imot det frå alle leider! Lat upp forrådshusi, dunga i hop liksom korndungar det som finst der, og bannstøyt det! Lat ikkje noko verta leivt!

27  Drep alle uksane*, før dei ned til slakting! Usæla yver dei! For dagen deira er komen, deira heimsøkjings-tid.

28  Høyr kor dei flyr og bergar seg undan frå Babel-landet til å kunngjera i Sion hemnen frå Herren vår Gud, hemnen for templet hans!

29  Bjod skyttarane ut mot Babel, alle dei som boge kann spenna! Lægra dykk mot det rundt ikring, lat ingen koma seg undan! Lat det få lika for sine gjerningar, gjer med et heiltupp som det sjølv hev gjort! For mot Herren hev det ovmoda seg, mot Israels Heilage.

30  Difor skal dei sveinane der falla på gatone, og alle hermennene der verta tynte den dagen, segjer Herren.

31  Sjå, eg kjem yver deg, Sadon*, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud; for dagen din er komen, tidi då eg heimsøkjer deg.

32  Då skal Sadon snåva og falla, og ingen skal reisa det upp att; og eg vil setja eld på byane der, og han skal øyda alt kringum det.

33  So segjer Herren, allhers Gud: Trælka er både Israels-borni og Juda-borni, og alle som hertok dei, held dei faste; dei vil ikkje sleppa dei lause.

34  Utløysaren deira er sterk, Herren, allhers Gud, er namnet hans; han skal føra saki deira med fynd og roa jordi, men uroa Babel-buane.

35  Sverd yver kaldearane, segjer Herren, yver Babel-buane, yver deira hovdingar og vismenner!

36  Sverd yver juglarane*! Dei skal standa der som dårar. Sverd yver kjempone! Dei skal verta hugbrotne.

37  Sverd yver hestane og vognene deira og yver alt det framande herfolket hjå dei! Dei skal verta kvinnor. Sverd yver skattane! Dei skal verta rana.

38  Turk yver vatni deira. Dei skal turkast upp. For det er eit land med avgudsbilete, og dei ber seg som galne med dei skræmelege gudane sine.

39  Difor skal øydemarks-dyr bu der saman med ville hundar, og strussar skal og bu der; aldri meir skal det reisa seg att, og ætt etter ætt skal ingen bu der.

40  Som då Gud la Sodoma og Gomorra og grannebyane i røys, segjer Herren, so skal ingen mann bu der, og inkje mannsbarn halda til der.

41  Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk, og mange kongar skal standa fram frå utkanten av jordi.

42  Boge og spjot ber dei, meinharde er dei og sparer ingen; røysti deira er som havmarm, og på hestar kjem dei ridande, budde på hermanns vis, mot deg, Babel-dotter!

43  Babel-kongen hev høyrt gjetordet um dei, og hendene hans er maktstolne; angest hev teke han, rider som hjå kvinna i barnsnaud.

44  Sjå, han* stig upp som ei løva frå Jordans prydnad og inn på dei sigrøne engjar; for i ein augneblink vil eg jaga dei** burt derifrå, og den som er utvald, vil eg setja yver det; for kven er min like, og kven vil stemna meg, og kven er den hyrdingen som stend seg for meg?

45  Høyr difor den rådgjerdi Herren hev teke mot Babel, og dei tankane han hev tenkt mot Kaldearlandet: Sanneleg, dei skal dragsa dei burt, dei små lambi; sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av dei.

46  Av ropet: Babel er teke! bivrar jordi, og millom folki skrik dei ende yver seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23