Profeten Jeremia 5
1 Gakk kringum i gatone i Jerusalem og sjå etter og gjev gaum, leita på torgi um de finn einkvar, um det nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom! So vil eg tilgjeva byen.
2 Og endå um dei segjer: So visst som Herren lever, so gjer dei rang eid like vel.
3 Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo dei, men dei anka seg ikkje; du tynte dei, dei let seg ikkje aga, dei gjorde andletet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.
4 Då sa eg: Det er berre småfolk*; dei er fåvituge, for dei veit ikkje Herrens veg, sin Guds rett.
5 No vil eg ganga til storfolket og tala med dei; for dei veit Herrens veg, sin Guds rett. Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund åket og slite av seg bandi.
6 Difor skal løva frå skogen slå dei, vargen frå villmarkene tyna dei; leoparden ligg og lurer attmed byane deira, kvar den som gjeng ut or dei, vert vert sundriven; for mange er deira brot, mangfaldige deira fråfall.
7 Kvifor skulde eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved gudar som ikkje er gudar; og eg metta dei, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.
8 Som velfødde hestar er dei tidleg ute; kvar ein kneggjar dei etter grannekona si.
9 Skulde eg ikkje heimsøkja slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjel ikkje hemna seg på eit sovore folk?
10 Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt! Riv av hennar vinrankar, for dei høyrer ikkje Herren til.
11 For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.
12 Dei hev neitta Herren og sagt: Han er ikkje til, og nokor ulukka skal ikkje koma yver oss, og sverd og svolt skal me ikkje sjå,
13 og profetane skal verta til vind; for det er ingen som talar i dei. Soleis skal det ganga med dei sjølve.
14 Difor segjer Herren, allhers Gud, so: Sidan de talar slike ord, sjå, so gjer eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved, og elden skal øyda dei.
15 Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren; eit sterkt folk er det, eit eldgamalt folk, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
16 Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
17 Og dei skal eta upp ditt korn og ditt brød, dei skal tyna dine søner og døtter, dei skal eta upp dine sauer og naut, dei skal øydeleggja ditt vintre og fiketre; dine faste byar som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.
18 Men jamvel i dei dagane, segjer Herren, vil eg ikkje heiltupp øyda dykk ut.
19 Og når de då segjer: Kvifor hev Herren vår Gud gjort alt dette imot oss? - då skal du segja til dei: Liksom de sveik meg og tente framande gudar i landet dykkar, so skal de tena framande herrar i eit land som ikkje er dykkar land.
20 Forkynn dette i Jakobs hus og kunngjer det i Juda og seg:
21 Høyr dette, du fåvise og vitlause lyd, som hev augo, men ikkje ser, som hev øyro, men ikkje høyrer.
22 Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? Eg som sette fjøresanden til grensa for havet, til eit æveleg stenge som det ikkje kann fløda yver, som bårone kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
23 Men dette folket hev eit trassigt og stridigt hjarta; dei hev falle ifrå og er burtgjengne.
24 Og dei hev ikkje sagt i sitt hjarta: Lat oss ottast Herren vår Gud, som gjev regn i rette tid, både haustregn og vårregn, han som held ved lag for oss den skipnaden han hev sett for haust-onne-vikone!
25 Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette for dykk, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.
26 For det finst ugudlege i folket mitt; dei legg seg på lur, liksom fuglefangarar huker; dei set ut snaror og fangar menneske.
27 Som eit bur er fullt av fuglar, so er husi deira fulle av svik; difor hev dei vorte store og rike.
28 Dei hev vorte feite so det skin av dei, dei er breddfulle med vondt, dei dømer ikkje rett i nokor sak, ikkje i saki åt den farlause, so dei fremjar henne, og fatigfolk hjelper dei ikkje til retten deira.
29 Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, skulde mi sjel ikkje hemna seg på eit sovore folk?
30 Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet;
31 profetane spår lygn, og prestane styrer etter deira råd, og mitt folk likar det so. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?