Profeten Jeremia 48
1 Um Moab. So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt; Kirjata'im hev vorti til skammar, det er teke; borgi hev vorte til skammar og er livskræmd.
2 Med Moabs frægd er det ute; i Hesbon legg dei upp meinråder mot det: Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk! Du og, Madmen, skal tagna, sverdet skal elta deg.
3 Naudrop høyrest frå Horona'im: herjing og stort tjon.
4 Moab er lagt i øyde, borni set i med klagerop.
5 For gråtande gjeng dei upp bakken til Luhut; på vegen ned til Horona'im høyrest redde klagerop yver tjonet.
6 Fly, berga livet dykkar! Vert liksom hjelpelaust folk i øydemarki.
7 Av di du leit på ditt gods og dine skattar, skal du og verta teken, og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hovdingar alle i hop.
8 Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal verta spard; dalen skal ganga til grunns og slettlendet verta øydelagt, so som Herren hev sagt.
9 Gjev Moab venger, for fljugande fort lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i dei.
10 Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att frå blod!
11 Moab hev levt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tappa frå fat til fat, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i han endå, og angen av han hev ikkje brigdast.
12 Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då eg sender han vintapparar, og dei skal halla på han og tøma fati og krasa krukkone hans.
13 Då skal Moab skjemmast av Kamos, liksom Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.
14 Kor kann de segja: Me er kjempor og djerve hermenner?
15 Moab vert øydelagd, og dei stig upp i byane hans, og hans utvalde sveinar stig ned til å verta slakta, segjer kongen - Herren, allhers Gud, er namnet hans.
16 Moabs uferd er komi nær, og ulukka hans hev bråhast.
17 Hav medynk med han, alle de som bur kringum han, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: Kor han hev brotna, den sterke teinen, den prydelege staven!
18 Stig ned or ditt æresæte og set deg i eit turt land, du Dibons dotter som bur i byen! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgene dine i øyde.
19 Statt attmed vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør dei som flyr, og dei undankomne, seg: Kva er hendt?
20 Moab hev vorte til skammar, for han er krasa. Barma dykk og ropa! Kunngjer ved Arnon at Moab er øydelagd!
21 Domen er komen yver slettelandet, yver Holon og Jahsa og Mofa'at,
22 yver Dibon og Nebo og Bet-Diblata'im,
23 yver Kirjata'im og Bet-Gamul og Bet-Meon,
24 yver Kerijot og Bosra og yver alle byane i Moab-landet, fjerr og nær.
25 Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.
26 Gjer han drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren! Moab skal velta seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
27 Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller vart han teken millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um han?
28 Gakk ut ifrå byane og bu på fjellet, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtanfor gjel-gapet!
29 Me hev høyrt um Moabs veldige ovmod, um hans storlæte og ovmod og byrgskap og stolte hjarta.
30 Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa og hans fåfengelege kyt; fåfengd hev han fare med.
31 Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa; yver mennene i Kir-Heres lyt ein sukka.
32 Som Jaser græt, græt eg yver deg, du vintre frå Sibma! Kvistene dine gjekk ut yver havet, dei nådde alt til Jaserhavet; midt i fruktonni di og vinonni di søkjer ein tynar på deg.
33 Gleda og fagnad kverv or aldehagane og or Moab-landet, og vinen let eg trjota i vinpersone; ingen skal trøda vinpersa med fagnadrop; ein høyrer fagnadrop som ikkje er fagnadrop*.
34 Ein høyrer naudrop frå Hesbon og alt til El'ale, ja alt til Jahas, frå Soar til Horona'im, triærings-kviga; for jamvel Nimrim-vatni vert til øydemarker.
35 Og eg ryd ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse for gudane sine.
36 Difor klagar mitt hjarta liksom fløytor yver Moab, mitt hjarta klagar liksom fløytor yver mennene i Kir-Heres; difor gjeng det til grunns det som Moab hev drege i hop, det uppsparde godset.
37 For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka; på alle hender er det rispa i holdet, og um lendene er sekk.
38 På alle tak i Moab og på gatone høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen bryr seg um, segjer Herren.
39 Å, kor forferd han er, kor dei eiar seg! Sjå kor Moab snur ryggen til! Kor skjemd han er! Moab vert til åtløgje og til ei skræma for alle som bur der kringum.
40 For so segjer Herren: Sjå, han* flyg som ein ørn og breider vengene ut yver Moab.
41 Byane vert tekne, borgene storma, og kjempone i Moab vert den dagen til mods som ei kvinna i barnsnaud.
42 Moab vert øydelagd, so han ikkje lenger er eit folk, av di han hev ovmoda seg mot Herren.
43 Gru og grav og garn yver deg, du som bur i Moab, segjer Herren.
44 Den som flyr undan grui, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verta fanga i garnet; for eg let eit heimsøkjings-år koma yver Moab, segjer Herren.
45 I Hesbons skugge stend maktstolne rømingar; for eld fer ut frå Hesbon og ein loge frå Sihon, og han øyder Moabs tunnvange og kruna åt ufredsætti.
46 Usæl du, Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønene dine vert førde burt i fengsel og døtterne dine til å sitja fangar.
47 Men i dei siste dagar vil eg gjera ende på Moabs utlægd, segjer Herren. Her endar domen yver Moab.