«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 47

1  Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremias um filistarane, fyrr Farao hertok Gasa.

2  So segjer Herren: Sjå, vatn stig upp nordantil og vert til ei elv som fløder yver, og det fløder yver landi og alt som i dei er, byane og dei som i dei bur. Menneski skrik, og alle som bur på jordi, barmar seg;

3  når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når vognene hans ramlar, når hjuli hans dundrar, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei

4  for den dagen skuld som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle som er undankomne og kunde hjelpa; for Herren tyner filistarane, dei som att er frå Kaftor-øyi.

5  Fleinskalla hev Gasa vorte, tagna er Askalon, det som er att av låglandet deira; kor lenge vil du rispa deg i holdet?

6  Ai ei! Du Herrens sverd, kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg inn att i slira di, kvil deg og ver still!

7  Kor kann du halda deg i ro, når Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til havstrandi, dit hev han stemnt det.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23