«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 46

1  Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremias um heidningefolki.

2  Um Egyptar-land. Um heren åt Farao Neko, egyptarkongen, som stod burtmed Eufratelvi, attmed Karkemis, og som Nebukadnesar, Babel-kongen, vann yver i det fjorde året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda.

3  Bu skjoldane til, dei små og dei store, og gakk fram til striden!

4  Beit hestane fyre og set dykk upp, de ridarar, og fylk dykk med hjelmar på! Gjer spjoti blanke, tak brynja på!

5  Kvi ser eg dei hugbrotne hopa undan? Usiger fær deira kjempor, dei rømer og snur seg ikkje; redsla er det rundt ikring, segjer Herren.

6  Den lettføtte kann ikkje fly ifrå, og kjempa slepp ikkje undan; der nord, attmed Eufratelvi, der snåvar dei og fell.

7  Kven er det som stig upp lik Nilen med bårande vatn som i ei å?

8  Egyptar-landet stig upp lik Nilen med bårande vatn som i ei å; det segjer: Eg vil stiga upp og breida meg utyver landi, i øyde vil eg leggja byar og dei som i dei bur.

9  Renn fram, de hestar, og rusa i veg, de vogner! Kjempone skal leggja av stad, etiopar og putarar, som ber skjoldar, og menner frå Lud, som hev bogar å spenna.

10  Men det er ein dag for Herren, Israels Gud, allhers Gud, ein hemndag, til hemn yver fiendane hans, og sverdet skal eta og verta mett og drikka seg drukke av blodet deira; for ei offerslakting held Herren, Israels Gud, allhers Gud, i landet nord attmed Eufratelvi.

11  Far upp til Gilead og få deg balsam, du møy, Egyptar-lands dotter! Til fånyttes brukar du lækjeråder i mengd; det finst ikkje plåster for deg.

12  Folkeslag høyrer um skammi di, og jordi er full av dine naudrop; for den eine kjempa snåvar i hi, dei stuper båe tvo.

13  Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremias um det at Nebukadnesar, Babel-kongen, skulde koma og slå Egyptar-landet:

14  Kunngjer det i Egyptar-land, lat det frettast i Migdol og lat det frettast i Memfis og Tahpanhes! Seg: Stig fram og bu deg til! For sverdet hev ete alt ikring deg.

15  Kvi er din sterke* støypt ned? Han kunde ikkje standa seg; for Herren støytte burti han.

16  Han fær mange til å snåva, ja, den eine dett uppå hin, og dei segjer: Upp og lat oss fara heim att til vårt folk og fødeland, undan det herjande sverdet!

17  Då ropar dei: Det er ute med Farao, egyptarkongen! Han let den høvelege tidi fara frå seg.

18  So visst som eg lever, segjer Kongen - Herren, allhers Gud er namnet hans -: Lik Tabor millom fjelli og lik Karmel burtmed havet skal han* koma.

19  Reid deg du til å fara i utlægd, du Egyptar-lands dotter som bur i landet! For Memfis skal verta ei audn, verta øydd, so ingen kann bu der.

20  Ei ovgild kviga er Egyptar-land - kleggen nordanfrå kjem, han kjem.

21  Dei leigde hermenner ho hev i sitt land - som gjødkalvar er dei - dei og snur og rømer alle i hop, dei kann ikkje standa seg; for ulukkedagen deira er komen yver dei, den tidi då dei vert heimsøkte.

22  Røysti hennar er liksom av skridande ormen; for med ein her fer dei* fram, og med øksar kjem dei mot henne som timberhoggarar.

23  Dei høgg ned hennar skog, segjer Herren; for han er ikkje til å finna seg fram igjenom; dei er fleire enn engsprettone, det er ikkje tal på dei.

24  Egyptar-lands dotter vert til skammar; ho vert gjevi i hendene på eit folk ifrå nord.

25  Herren, allhers Gud, Israels Gud, segjer: Sjå eg heimsøkjer Amon frå No og Farao og Egyptar-land og gudane og kongane der, både Farao og dei som lit på han,

26  og eg gjev dei i hendene på dei som stend dei etter livet, i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og i hendene på tenarane hans; men etter det skal landet byggjast i fred som i gamle dagar, segjer Herren.

27  Men ottast ikkje, du min tenar Jakob, og reddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg or burtlengste land og ætti di or deira utlægd, og Jakob skal koma heim att og leva i fred og trygd, og ingen skal skræma han.

28  Ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren, for eg er med deg; eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev drive deg burt til, men deg vil eg ikkje gjera ende på; eg vil tukta deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje la deg vera.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23