«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 45

1  Dette er det ordet som profeten Jeremias tala til Baruk Nerijason, då han skreiv desse ordi i ei bok etter Jeremias' munn, i det fjorde året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda:

2  So segjer Herren, Israels Gud, um deg, Baruk:

3  Du sa: Usæl eg! For Herren hev lagt sorg til min hugverk; eg er trøytt av sukkane mine og finn ingi kvild.

4  So skal du segja til han: So segjer Herren: Sjå, det eg hev bygt upp, det riv eg ned, og det eg hev planta, det rykkjer eg upp, og dette gjeld heile jordi.

5  Og du, du trår etter store ting? Ikkje trå etter dei! For sjå, eg let ulukka koma yver alt kjøt, segjer Herren. Men eg vil gjeva deg livet ditt til herfang alle stader der du ferdast.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23