Profeten Jeremia 44
1 Dette er det ordet som kom til Jeremias um alle dei jødane som budde i Egyptar-landet, dei som budde i Migdol og i Tahpanhes og i Memfis og i Patros-landet:
2 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: De hev set all den ulukka som eg hev late koma yver Jerusalem og yver alle Juda-byane - og sjå, no er dei ei audn, og ingen bur i dei -
3 for det vonde som dei gjorde, so dei harma meg, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.
4 Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetane, både jamt og samt, og sa: Far ikkje med denne styggedomen som eg hatar!
5 Men dei høyrde ikkje og la ikkje øyra til, so dei vende um frå vondskapen sin og heldt upp med å brenna røykjelse for andre gudar.
6 Då vart min harm og min vreide utrend, og han brann i Juda-byane og på Jerusalems-gatone, so dei vart til ei audn, til ei øydemark, so som dei er den dag i dag.
7 Og no segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Kvifor gjer de so stort eit tjon på dykk sjølve, so mann og kvinna, barn og sogbarn vert utrudde for dykk or Juda, so de ikkje vert leivt nokon rest åt dykk,
8 og harmar meg med dei verk dykkar hender gjer, med di de brenner røykjelse for andre gudar i Egyptar-landet, som de er komne til og vil bu i - so dei* skal verta utrudde for dykk, og de verta til ei forbanning og til hæding millom alle folkeslag på jordi?
9 Hev de gløymt det vonde som federne dykkar gjorde, og det vonde som kongane i Juda gjorde, og det vonde som kvinnone der gjorde, og det vonde som de sjølve og kvinnone dykkar gjorde i Juda-landet og på Jerusalems-gatone?
10 Endå hev dei ikkje audmykt seg, og dei ottast ikkje og lever ikkje etter mi lov og mine bod, som eg hev lagt fram for dykk og federne dykkar.
11 Difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg snur andletet mot dykk til ulukka, og eg vil rydja ut heile Juda.
12 Og eg vil taka dei som er att av Juda, dei som sette seg fyre at dei vilde fara til Egyptar-landet og bu der, og dei skal alle setja til, i Egyptar-landet skal dei falla; for sverd og av svolt skal dei setja til; både små og store skal døy for sverd og av svolt, og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og ei forbanning og til hæding.
13 Og eg vil heimsøkja dei som bur i Egyptar-landet, som eg heimsøkte Jerusalem, med sverd og svolt og sott.
14 Og av dei som er att av Juda, av dei som er komne og vil bu der i Egyptar-landet, skal ingen sleppa undan og verta att, so han kjem heim att til Juda-landet, som dei stundar etter å koma attende til so dei kann bu der; for ingen skal koma dit att so nær som nokre få undanslopne.
15 Då svara dei Jeremias alle dei menner som visste at konone deira brende røykjelse for andre gudar, og alle kvinnone som stod der i ein stor hop, og alt folket som budde i Egyptar-landet, i Patros, og sa:
16 Me vil ikkje lyda på deg i det som du hev tala til oss i Herrens namn,
17 men me vil gjera alt det som me hev lova med vår munn; me vil brenna røykjelse for himmeldronningi og renna ut drykkoffer for henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre, kongane våre og hovdingane våre, i Juda-byane og på Jerusalems-gatone. Då hadde me nøgdi av brød og det gjekk oss vel og ingi ulukka kom yver oss.
18 Men sidan me heldt upp med å brenna røykjelse for himmeldronningi og renna ut drykkoffer for henne, hev det skorta oss på alt, og med sverd og svolt er me tynte.
19 Og når me brende røykjelse for himmeldronningi og rende ut drykkoffer for henne, tru det då var mennene våre uviljande at me laga kakor åt henne og dyrka henne og rende ut drykkoffer for henne?
20 Då sa Jeremias til alt folket, til mennene og til kvinnone og til alt folket som svara han:
21 De at de hev brent røykjelse i Juda-byane og på Jerusalems-gatone, de og federne dykkar, kongane dykkar og hovdingane dykkar og landslyden, tru Herren ikkje hev kome det i hug og tenkt på det?
22 Og Herren kunde ikkje lenger tola det for den vonde åtferdi dykkar, for dei avstyggelege ting som de gjorde; so vart landet dykkar ei audn og ei øydemark og til ei forbanning, so ingen bur der, so som det er den dag i dag.
23 For di de brende røykjelse og synda mot Herren og ikkje høyrde på Herrens røyst og ikkje levde etter hans lov og bod og vitnemål, difor kom denne ulukka yver dykk, so som me ser det i dag.
24 Og Jeremias sa til alt folket og til alle kvinnone: Høyr Herrens ord, alle de av Juda som er i Egyptar-landet!
25 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: De og kvinnone dykkar tala med munnen dykkar og fullførde det med hendene dykkar, og de sa: Me vil halda lovnadene som me hev gjort: å brenna røykjelse til himmeldronningi og renna ut drykkoffer for henne. Ja, berre haldt lovnadene dykkar og fullfør dei!
26 Høyr difor Herrens ord, alle de av Juda som bur i Egyptar-landet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i heile Egyptar-landet, so han segjer: So visst som Herren, Israels Gud, lever!
27 Sjå, eg vaker yver dei til ulukka og ikkje til lukka, og alle Juda-menner som er i Egyptar-landet, skal verta tynte av sverd og svolt, til det er gjort ende på dei.
28 Og dei som kjem seg undan sverdet, skal fara heim att frå Egyptar-landet til Juda-landet, berre ein liten flokk og alle som er att av Juda, dei som er komne til Egyptar-landet og vil bu der, skal få vita kva ord som skal standa ved lag, mitt eller deira.
29 Og dette, segjer Herren, skal vera teiknet for dykk på at eg vil heimsøkja dykk på denne staden, so de skal få vita at mine ord um dykk skal standa ved lag til ulukka for dykk:
30 So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i hendene på dei som stend han etter livet, sameleis som eg hev gjeve Sedekias, Juda-kongen i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, som var fienden hans og stod han etter livet.