«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 43

1  Men då Jeremias var ferdig med å tala til alt folket alle Herrens, deira Guds ord, som Herren deira Gud hadde sendt han med til dei - alle desse ordi,

2  då sa Asarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennene, dei sa til Jeremias: Det er lygn det du segjer: Herren vår Gud hev ikkje sendt deg og sagt: De skal ikkje fara til Egyptar-land og bu der.

3  Men Baruk Nerijason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i hendene på kaldearane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.

4  Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingane og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Juda-landet.

5  Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingane tok alle som var att av Juda, dei som var komne heim att frå alle heidningefolki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Juda-landet,

6  mennene og kvinnone og småborni og kongsdøtterne og kvart eit liv som Nebusaradan, hovdingen for livvakti, hadde late vera att hjå Gedalja, son åt Akikam Safansson, og like eins profeten Jeremias og Baruk Nerijason,

7  og for til Egyptar-landet, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst; og so kom dei fram til Tahpanhes.

8  Og Herrens ord kom til Jeremias i Tahpanhes; det lydde so:

9  Tak deg nokre store steinar i handi og gøym dei i leiret attmed tiglomnen som stend ved inngangen til huset åt Farao i Tahpanhes, og lat nokre menner frå Juda sjå på det!

10  Seg so til dei: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå eg sender bod og hentar min tenar Nebukadnesar, Babel-kongen, og set kongsstolen hans uppå desse steinane som eg hev gøymt, og han skal breida sitt drustelege teppe utyver dei.

11  Og han skal koma og slå Egyptar-landet; den som er etla åt dauden, lyt døy, og den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, lyt falla for sverd.

12  Og eg vil setja eld på gudetempli i Egyptar-land, og han skal brenna dei upp og føra gudane burt; han skal sveipa Egyptar-landet um seg, liksom hyrdingen sveiper kappa si um seg, og sidan skal han fara derifrå i fred.

13  Og han skal krasa steinsulone i Bet-Semes* i Egyptar-landet, og templi i Egyptar-land skal han brenna upp.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23