Profeten Jeremia 42
1 Då kom alle herhovdingane, både Johanan Kareahsson og Jesanja Hosajason, og alt folket, både små og store,
2 og sa til profeten Jeremias: Lat oss få bera fram vår audmjuke bøn for deg og bed for oss til Herren din Gud for heile denne leivningen av folket - for berre nokre få er me att av mange, so som du sjølv ser oss her -
3 at Herren din Gud vil kunngjera for oss kva veg me skal ganga, og kva me skal gjera.
4 Profeten Jeremias sa til dei: Ja vel, eg skal beda til Herren dykkar Gud, so som de segjer, og alt det Herren svarar dykk, det skal eg segja dykk; eg skal ikkje halda eit einaste ord løynt for dykk.
5 Då sa dei til Jeremias: Herren vere eit sant og trufast vitne mot oss, um me ikkje gjer etter kvart det ordet som Herren din Gud sender deg med til oss.
6 Anten det er godt eller vondt, vil me lyda røysti åt Herren vår Gud, som me sender deg til, so det må ganga oss vel når me lyder røysti åt Herren vår Gud.
7 Ti dagar etter kom Herrens ord til Jeremias.
8 Då kalla han til seg Johanan Kareahsson og alle herhovdingane som var med han, og alt folket, både små og store,
9 og sa til dei: So segjer Herren, Israels Gud, som de sende meg til, so eg skulde bera fram dykkar audmjuke bøn for hans åsyn:
10 Vert de buande her i landet, so vil eg byggja dykk upp og ikkje riva dykk ned, planta dykk og ikkje rykkja dykk upp; for eg angrar det vonde som eg hev gjort dykk.
11 Ottast ikkje Babel-kongen, som de no ottast, ottast ikkje han, segjer Herren; for eg er med dykk og vil frelsa dykk og berga dykk or hans hand.
12 Og eg vil lata dykk få miskunn, so han gjer sælebot på dykk og let dykk fara heim att til landet dykkar.
13 Men segjer de: Me vil ikkje vera her i landet, lyder de ikkje røysti åt Herren dykkar Gud,
14 men segjer: Nei, me vil fara til Egyptar-landet, so me kann sleppa å sjå ufred og høyra lurljom og hungra etter brød, og der vil me bu,
15 so høyr no difor Herrens ord, de som er att av Juda: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Set de dykk fyre at de vil fara til Egyptar-land, og fer de dit og vil bu der,
16 då skal sverdet som de ottast, nå dykk der i Egyptar-landet, og svolten som de no reddast, skal elta dykk der i Egyptar-land, og der skal de døy.
17 Og alle dei menner som hev sett seg fyre å fara til Egyptar-land og bu der, dei skal døy for sverd, av svolt og i sott, og ingen av dei skal verta att og sleppa frå den ulukka som eg let koma yver dei.
18 For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Som min vreide og harm vart utrend yver Jerusalems-buane, so skal min harm og verta utrend yver dykk når de kjem til Egyptar-land, og de skal verta til ein eid og til ei skræma og ei forbanning og til hæding, og de skal aldri meir sjå denne staden.
19 Herren hev tala til dykk, de som er att i Juda: Far ikkje til Egyptar-land! Vita skal de at eg hev vara dykk i dag.
20 For de fer vilt og spiller livet; de sende meg då sjølve til Herren dykkar Gud og sa: Bed for oss til Herren vår Gud og kunngjer oss alt det som Herren vår Gud segjer, so vil me gjera det.
21 No hev eg kunngjort dykk det i dag; men de hev ikkje lydt på røysti åt Herren dykkar ord, og på alt det som han sende meg med til dykk.
22 So skal de no vita at de lyt døy for sverd, av svolt og i sott på den staden som de stundar etter å koma til so de kunde bu der.