Profeten Jeremia 41
1 Men i den sjuande månaden kom Ismael son åt Netanja Elisamason, ein mann av kongsætti, ein av stormennene åt kongen, og ti menner med han til Gedalja Akikamsson i Mispa, og dei fekk seg mat saman der i Mispa.
2 Då stod Ismael Netanjason upp, og dei ti mennene som var med han, og dei slo Gedalja, son åt Akikam Safansson, i hel med sverd - han drap han som Babel-kongen hadde sett til å styra landet.
3 Ismael slo og i hel alle dei jødane som var hjå Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der, stridsmennene.
4 Andre dagen etter han hadde drepe Gedalja, og fyrr nokon visste det endå,
5 kom det menner frå Sikem, frå Silo og Samaria, åtte i alt, med avraka skjegg og sundrivne klæde og med merke rispa i holdet*, og dei hadde med seg matoffer og røykjelse til å bera fram i Herrens hus.
6 Og Ismael Netanjason gjekk ut imot dei frå Mispa, og han gjekk og gret. Då han møtte dei, sa han til dei: Kom med til Gedalja Akikamsson!
7 Men då dei var komne inn i byen, tok Ismael Netanjason og dei mennene som var med han, og drap dei og kasta dei i brunnen*.
8 Men millom dei var det ti menner som sa til Ismael: Drep oss ikkje! For me hev forråd gøymde ute på marki: kveite og bygg og olje og honning. Då let han dei vera og drap dei ikkje saman med brørne deira.
9 Brunnen som Ismael kasta liki i av alle dei menner som han hadde drepe umfram Gedalja, var den same som kong Asa hadde laga då han hadde ufred med Baesa, Israels-kongen; den fyllte Ismael Netanjason med drepne menner.
10 So førde Ismael burt heile leivningen av folket i Mispa, kongsdøtterne og alt folket som var att i Mispa, og som Nebusaradan, hovdingen for livvakti, hadde sett Gedalja Akikamsson yver - dei førde Ismael Netanjason burt fangar og gav seg på vegen, vilde fara yver til Ammons-borni.
11 Men då Johanan Kareahsson og alle herhovdingane som var med han, høyrde um alle dei illverki som Ismael Netanjason hadde gjort,
12 tok dei alle mennene sine og drog av stad og vilde strida mot Ismael Netanjason, og dei fann han attmed det store vatnet* i Gibeon.
13 Då alt folket som var med Ismael, såg Johanan Kareahsson og alle herhovdingane som var med han, vart dei glade;
14 og alt folket som Ismael hadde ført fangar frå Mispa, snudde og gjekk attende til Johanan Kareahsson.
15 Men Ismael Netanjason slapp undan frå Johanan med åtte mann og for til Ammons-borni.
16 Johanan Kareahsson og alle herhovdingane som var med han, tok då med seg alle som var att av folket, dei frå Mispa som han hadde vunne att frå Ismael Netanjason, etter Ismael hadde drepe Gedalja Akikamsson, både stridsmenner og kvinnor og born og hirdmenner, som han hadde ført attende frå Gibeon.
17 Dei drog av stad, men stana i Kimham-herbyrget attmed Betlehem og vilde sidan halda fram med ferdi til Egyptar-land
18 - for kaldearane skuld; for dei var redde dei, av di Ismael Netanjason hadde drepe Gedalja Akikamsson som Babel-kongen hadde sett til å styra i landet.