«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 4

1  Um du vender um, Israel, segjer Herren, skal du få koma attende til meg, og um du hev styggetingi dine burt frå mi åsyn, skal du sleppa å flakka heimlaus ikring,

2  og um du sver: So visst som Herren lever! i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i han og rosa seg av han.

3  For so segjer Herren til Juda-mennene og til Jerusalem: Brjot dykk nybrot og så ikkje millom klunger!

4  Umskjer dykk for Herren og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld.

5  Forkynn det i Juda, og kunngjer det i Jerusalem og seg: Blås i lur i landet! Ropa alt med de vinn, og seg: Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste byar!

6  Set upp hermerke burtimot Sion, fly og stana ikkje! For eg let ulukka koma frå nord med stort tjon.

7  Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byane dine vert lagde i øyde, so ingen bur der.

8  Sveip dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss.

9  Og den dagen, segjer Herren, skal kongen og hovdingane standa rådlause, prestane skal reddast og profetane verta vitskræmde.

10  Då sa eg: Å, Herre, Herre! Ille hev du svike dette folket og Jerusalem, då du sa: Fred skal de hava. Og no hev sverdet nått sjeli.

11  I den tidi skal det verta sagt til dette folket og til Jerusalem: Ein glodheit vind frå dei snaude haugane i øydemarki kjem mot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.

12  Nei, ein sterkare vind enn som so vil eg lata koma; No vil eg og segja domen mot dei.

13  Sjå, lik skyer kjem han* upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, snøggare enn ørnar er hans hestar; usæle me, det er ute med oss!

14  Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst! Kor lenge skal dine syndige tankar bu i ditt brjost?

15  For ei røyst kjem med tiend frå Dan og varslar vondt frå Efra'ims-fjelli.

16  Lat folki få vita det, kunngjer det for Jerusalem: Umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byane i Juda.

17  Som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore trassig, segjer Herren.

18  Di åtferd og dine gjerningar hev valda deg dette; dette hev du for vondskapen din, at det er beiskt, at det når alt inn til ditt hjarta.

19  Å, bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk! Mitt hjarta bruser i meg, eg kann ikkje tegja! For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjel!

20  Tjon på tjon ropar dei um; for landet er lagt i øyde; dåtteleg er tjeldi mine øydelagde, i ein augneblink tjelddukane mine.

21  Kor lenge skal eg sjå hermerket, høyra lurljom?

22  For fåvist er mitt folk, meg kjenner dei ikkje; uvituge born er dei, og dei er utan skyn; vise er dei til å gjera vondt, men dei hev ikkje vit til å gjera godt.

23  Eg såg jordi, og sjå, ho var aud og øydi; eg såg til himmelen, og ljoset hans var kvorve.

24  Eg såg fjelli, og sjå, dei bivra, og alle haugane skalv.

25  Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneske, og alle fuglane i lufti hadde floge burt.

26  Eg såg, og sjå, det grøderike landet var ei øydemark, og alle byane var nedrivne av Herren, av hans brennande harm.

27  For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta; men reint audt vil eg ikkje gjera det.

28  Difor skal landet syrgja, og himmelen der uppe klæda seg i svart, av di eg hev sagt det og vilja det so, og eg angrar det ikkje og tek det ikkje att.

29  For gnyen av ridarar og bogeskyttarar flyr kvar ein by; dei gjeng inn i skogane og stig upp på hamrane; alle byane er folketome, ingen bur i dei.

30  Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gullstas og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vandar deg, dei vil taka livet ditt.

31  For eg høyrer rop nett som av ei kvinna i barnsnaud, naudrop som av ei kvinna når ho fær fyrste barnet; det er Sions dotter som ropar; ho styn, ho retter ut hendene sine og segjer: Eie meg! Maktlaus sig sjeli mi i mordarvald.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23