«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 39

1  Då Jerusalem var teke - i det niande året av Sedekias' kongedøme i Juda, i tiande månaden, kom Nebukadnesar, Babel-kongen, til Jerusalem med heile heren sin og kringsette byen;

2  i det ellevte styringsåret åt Sedekias, den niande dagen i fjorde månaden, braut dei inn i byen -

3  då kom alle stormennene åt Babel-kongen og sette seg i Midporten: Nergal-Sareser, Samgar-Nebu, Sarsekim, den øvste hirdmannen, Nergal-Sareser, den øvste av vismennene, og alle dei andre stormennene hjå Babel-kongen.

4  Men då Sedekias, Juda-kongen, og alt stridsfolket såg dei, rømde dei og for um natti ut or byen på vegen til kongshagen gjenom porten millom båe murane, og kongen tok vegen til moane.

5  Men kaldearheren sette etter dei og nådde Sedekias att på Jeriko-moane, og dei tok han og førde han upp til Ribla i Hamat-landet, der Nebukadnesar, Babel-kongen, var, og han sa domen yver han.

6  Babel-kongen drap sønene åt Sedekias i Ribla for augo hans; sameleis drap Babel-kongen alle stormennene i Juda.

7  Sedekias let han blinda og binda med tvo koparlekkjor; han skulde førast til Babel.

8  Kongsgarden og husi som høyrde folket til, sette kaldearane eld på, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.

9  Resten av folket, dei som var att i byen, og dei som var falne ifrå og hadde gjenge yver til han, og resten av folket, dei som var att, dei førde Nebusaradan, hovdingen for livvakti, til Babel.

10  Berre noko ålmugefolk, som inkje åtte, let Nebusaradan, hovdingen for livvakti, vera att i Juda-landet, og samstundes gav han dei vinhagar og åkrar.

11  Nebukadnesar, Babel-kongen, gav Nebusaradan, hovdingen for livvakti, påbod um Jeremias og sa:

12  Tak han og sjå til med han, og gjer han ikkje noko vondt! Gjer med han so som han sjølv segjer til deg!

13  Då sende Nebusaradan, hovdingen for livvakti, og Nebusasban, den øvste hirdmannen, og Nergal-Sareser, den øvste av vismennene, og alle stormennene åt Babel-kongen,

14  dei sende bod og let henta Jeremias frå vaktgarden, og dei gav han til Gedalja, son åt Akikam Safansson, so han skulde taka han med seg heim; soleis vart han då buande der hjå folket.

15  Men til Jeremias hadde Herrens ord kome medan han sat innestengd i vaktgarden, og det lydde so:

16  Gakk og seg til Ebed-Melek, etiopen: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå, eg let koma yver denne byen det eg hev varsla, til ulukka og ikkje til lukka, og det skal henda for augo dine den dagen.

17  Men deg vil eg berga den dagen, segjer Herren, og du skal ikkje verta gjeven i hendene på dei mennene som du reddast.

18  For eg vil lata deg sleppa undan, og du skal ikkje falla for sverd, men få ditt liv til herfang, av di du leit på meg, segjer Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23