Profeten Jeremia 38
1 Men Sefatja Mattansson og Gedalja Pashursson og Jukal Selemjason og Pashur Malkiason høyrde dei ordi som Jeremias tala til alt folket:
2 So segjer Herren: Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott; men den som gjeng ut til kaldearane, skal få leva, han skal få sitt liv til herfang og leva.
3 So segjer Herren: Denne byen skal visseleg verta gjeven i hendene på heren åt Babel-kongen, og han skal taka han.
4 Då sa hovdingane til kongen: Lat dei drepa denne mannen, etter di han gjer folket modlaust, både hermennene som er att i denne byen, og alt hitt folket, med di han talar slike ord til dei! For denne mannen vil ikkje dette folket vel, men vondt.
5 Då sa kong Sedekias: Sjå, han er i dykkar hand; for kongen maktast ikkje noko imot dykk.
6 Då tok dei Jeremias og kasta han i brunnen til kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden; dei firte Jeremias ned med tog. Det var ikkje vatn i brunnen, men dy, og Jeremias sokk ned i dyet.
7 Men etiopen Ebed-Melek, ein gjelding som tente i kongsgarden, frette at dei hadde kasta Jeremias i brunnen - Kongen sat då i Benjamins-porten.
8 So gjekk Ebed-Melek ut or kongsgarden og tala til kongen og sa:
9 Herre konge! Ille hev desse mennene gjort i all si åtferd mot profeten Jeremias; dei hev kasta han i brunnen, og han døyr av svolt der han er, for det finst ikkje meir brød i byen.
10 Då sa kongen til Ebed-Melek etiopen: Tak med deg herifrå tretti mann og drag profeten Jeremias upp or brunnen fyrr han døyr!
11 Og Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, ned i romet under skattkammeret, og tok der fillor av sundrivne og utslitne klæde og fira dei med tog ned i brunnen til Jeremias.
12 Og Ebed-Melek, etiopen, sa til Jeremias: Legg fillone av dei sundrivne og utslitne klædi under armane dine, under togi! Og Jeremias gjorde so.
13 So drog dei Jeremias upp med togi og fekk han upp or brunnen; og Jeremias vart sitjande i vaktgarden.
14 Sidan sende kong Sedekias bod og let henta profeten Jeremias til seg i den tridje inngangen til Herrens hus. Og kongen sa til Jeremias: Eg vil spyrja deg um noko; løyn ikkje noko for meg!
15 Jeremias svara: Um eg segjer deg det, vil du då ikkje drepa meg? Og um eg gjev deg ei råd, so lyder du ikkje på meg.
16 Då gjorde kong Sedekias eiden sin til Jeremias i dulsmål og sa: So visst som Herren lever, han som hev gjeve oss dette vårt liv, vil eg ikkje drepa deg og ikkje gjeva deg i hendene på desse mennene som stend deg etter livet.
17 Då sa Jeremias til Sedekias: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Gjeng du ut til hovdingane åt Babel-kongen, skal du få leva, og denne byen skal ikkje verta uppbrend, men du skal få leva, du og ditt hus.
18 Men gjeng du ikkje ut til hovdingane åt Babel-kongen, so skal denne byen verta gjeven i hendene på kaldearane, og dei skal brenna han upp, og du sjølv skal ikkje koma deg undan deira hender.
19 Kong Sedekias svara: Eg er redd dei jødane som hev gjenge yver til kaldearane, at eg kunde verta gjeven i deira hender, og at dei skulde fara stygt åt med meg.
20 Men Jeremias sa: Du skal ikkje verta gjeven til dei; høyr berre på Herrens røyst i det som eg talar til deg, so skal det ganga deg vel, og du fær leva!
21 Men dreg du deg undan og ikkje gjeng ut, då er dette det ordet Herren hev synt meg:
22 Sjå, alle kvinnone som er att i Juda-kongens hus, skal verta førde ut til hovdingane åt Babel-kongen, og dei skal segja til deg: Dine gode vener hev lokka deg og vunne på deg; då føtene dine sokk ned i dya, drog dei seg undan.
23 Og alle konone dine og borni dine skal dei leida ut til kaldearane, og du sjølv skal ikkje sleppa undan deira hender, men Babel-kongen skal taka deg med si hand, og for di skuld skal denne byen verta uppbrend.
24 Då sa Sedekias til Jeremias: Lat ingen få vita um denne samtalen, elles vert det din bane!
25 Og fær hovdingane høyra at eg hev tala med deg, og dei so kjem til deg og segjer: Lat oss få vita kva du hev sagt til kongen! Løyn det ikkje for oss, elles drep me deg! Kva hev kongen sagt til deg?
26 då skal du segja til dei: Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongens åsyn; eg bad at han ikkje måtte senda meg attende til Jonatans hus til å døy der.
27 Og då alle hovdingane kom til Jeremias og spurde han, svara han dei heiltupp so som kongen hadde sagt. Då tagde dei og let han vera i fred; for saki hadde ikkje vorte kjend.
28 Og Jeremias sat i vaktgarden alt til den dagen då Jerusalem vart teke.