Profeten Jeremia 37
1 Sedekias Josiasson vart konge etter Konja* Jojakimsson; for Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde sett han til konge i Juda-landet.
2 Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremias.
3 Og kong Sedekias sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma'asejason til profeten Jeremias med den helsingi: Bed for oss til Herren vår Gud!
4 Jeremias gjekk den-tid ut og inn millom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.
5 Og heren åt Farao var då faren ut frå Egyptar-land, og då kaldearane, som kringsette Jerusalem, spurde det, for dei burt frå Jerusalem.
6 Då kom Herrens ord til profeten Jeremias, og det lydde so:
7 So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Farao-heren, som er faren ut til å hjelpa dykk, kjem til å snu um att til landet sitt, til Egyptar-land,
8 og kaldearane skal koma att og strida mot denne byen, og dei skal taka han og brenna han upp.
9 So segjer Herren: Dåra ikkje dykk sjølve med di de segjer: Kaldearane fer no burt frå oss for ollo! For dei fer ikkje burt.
10 Um de so slo heile kaldearheren som strider mot dykk, og det berre var att hjå dei nokre særde menner, so skulde dei risa upp i kvar si tjeldbu og brenna upp denne byen.
11 Då kaldearheren hadde fare burt frå Jerusalem for Farao-heren skuld,
12 gjekk Jeremias ut or Jerusalem midt ibland folket og vilde fara til Benjamins-landet og henta arveluten sin derifrå.
13 Men då han kom til Benjamins-porten, so stod der ein hovding for vakti; han heitte Jerija og var son åt Selemja Hananjason. Han treiv i profeten Jeremias og sa: Du vil laupa burt til kaldearane.
14 Då sa Jeremias: Det er lygn! eg vil ikkje laupa burt til kaldearane! Men Jerija høyrde ikkje på han, og Jerija treiv i Jeremias og for med han til hovdingane.
15 Hovdingane harmast på Jeremias og slo han. So sette dei han i fangehuset, i huset åt riksskrivaren Jonatan; for det hadde dei gjort til fengsel.
16 Då Jeremias var komen i fangeholet, i kjellaren, og hadde sete der i mange dagar,
17 sende kong Sedekias bod og let henta han, og kongen spurde han i huset sitt i løynd og sa: Hev det kome noko ord frå Herren? Jeremias svara: Ja. Og so sa han: Du skal verta gjeven i hendene på Babel-kongen.
18 Då sa Jeremias til kong Sedekias: Kva hev eg synda mot deg og mot tenarane dine og mot dette folket, sidan de hev sett meg i fengsel?
19 Og kvar er no profetane dykkar, som spådde åt dykk og sa: Babel-kongen skal ikkje koma yver dykk og yver dette landet?
20 Og høyr no, herre konge! Å, lat mi audmjuke bøn koma fram for di åsyn og send meg ikkje attende til huset åt riksskrivaren Jonatan, so eg ikkje skal døy der!
21 Sedekias gav då påbod, og so sette dei Jeremias i varveitsla i vaktgarden og gav han ein brødleiv um dagen frå Bakargata, til alt brødet i byen var uppete. Og Jeremias vart sitjande i vaktgarden.