«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 36

1  I det fjorde året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda kom dette ordet til Jeremias frå Herren:

2  Tak deg ein bokrull og skriv i han alle dei ordi eg hev tala til deg um Israel og Juda og alle heidningefolki frå den dagen eg fyrst tala til deg, frå den tidi Josias rådde, og alt til denne dag!

3  Kann henda Judas hus vil merkja seg all den ulukka som eg tenkjer å gjera dei, so dei kann venda um, kvar og ein frå sin vonde veg, og eg kann få tilgjeva dei deira misgjerning og synd.

4  Då kalla Jeremias til seg Baruk, Nerijason, og Baruk skreiv i ein bokrull etter Jeremias' munn alle dei ord som Herren hadde tala til han:

5  Og Jeremias tala til Baruk og sa: Eg sjølv er meinka, eg kann ikkje koma i Herrens hus.

6  Men gakk du dit og les or rullen som du hev skrive etter min munn, Herrens ord for folket i Herrens hus ein fastedag! Du skal lesa henne for heile Juda og, dei som kjem frå byane sine.

7  Kann henda dei kunde leggja si audmjuke bøn fram for Herrens åsyn og venda um, kvar og ein frå sin vonde veg; for stor er den vreiden og harmen som Herren hev truga dette folket med.

8  Og Baruk Nerijason gjorde plent so som profeten Jeremias hadde bede han, og las Herrens ord or boki i Herrens hus.

9  For i det femte året av Jojakim Josiassons kongedøme i Juda, i niande månaden, lyste dei på at alt folket i Jerusalem og alt folket som var kome frå Juda-byane til Jerusalem, skulde fasta for Herrens åsyn.

10  Då las Baruk upp or boki Jeremias' ord i Herrens hus, i koven åt Gemarja Safansson, riksskrivaren, i øvre fyregarden, attmed inngangen til den nye porten i Herrens hus, medan alt folket høyrde på.

11  Då Mikaja, son åt Gemarja Safansson, høyrde at alle Herrens ord vart upplesne or boki,

12  gjekk han ned i kongsgarden, inn i riksskrivar-koven, og der fann han alle hovdingane sitjande: riksskrivaren Elisama og Delaja Sjemajason og Elnatan Akborsson og Gemarja Safansson og Sedekias Hananjason, og alle hine hovdingane.

13  Og Mika sa ifrå um alle dei ordi han hadde høyrt då Baruk las upp or boki for folket.

14  Då sende alle hovdingane Jehudi, son åt Netanja, son åt Selemja Kusison, til Baruk og sa: Tak med deg rullen som du las upp for folket, og kom hit! Og Baruk Nerijason tok rullen med seg og kom til dei.

15  Dei sa til han: Set deg og les han for oss! Og Baruk las for dei.

16  Men då dei hadde høyrt alle ordi, såg dei forfærde på kvarandre og sa til Baruk: Me lyt segja frå til kongen um alt dette.

17  So spurde dei Baruk: Seg oss korleis du skreiv alle desse ordi etter hans munn!

18  Baruk svara: Med sin munn sa han meg alle desse ordi fyre, og eg skreiv dei i boki med blekk.

19  Då sa hovdingane til Baruk: Gakk og gøym dykk, du og Jeremias, og lat ingen vita kvar de er!

20  So gjekk dei inn til kongen i fyregarden, men rullen la dei ned i koven åt riksskrivaren Elisama; og dei fortalde alt dette til kongen.

21  Då sende kongen Jehudi av stad etter rullen, og han henta han frå koven åt riksskrivaren Elisama. Sidan las Jehudi han upp for kongen og alle hovdingane som stod hjå kongen.

22  Kongen sat i vinterhalli - det var i den niande månaden - og det brann eld i ei glodpanna framfor han,

23  og då Jehudi hadde lese tri eller fire teigar, skar kongen rullen sund med ein pennekniv og kasta han på elden i glodpanna, til heile rullen var uppbrend i elden der i glodpanna.

24  Og dei reddast ikkje og reiv ikkje sund klædi sine, korkje kongen eller nokon av tenarane hans som høyrde desse ordi,

25  og endå Elnatan og Delaja og Gemarja naudbad kongen at han ikkje måtte brenna upp rullen, høyrde han ikkje på dei.

26  So bad kongen Jerahme'el, kongssonen, og Seraja, Asrielsson og Selemja Abde'elsson å taka skrivaren Baruk og profeten Jeremias; men Herren løynde dei.

27  Då kom Herrens ord til Jeremias, etter kongen hadde brent upp rullen med dei ordi som Baruk hadde skrive etter Jeremias' munn:

28  Tak deg ein annan rull og skriv i han alle dei ordi som stod i den fyrre rullen, den som Jojakim, Juda-kongen, brende upp!

29  Og um Jojakim, Juda-kongen, skal du segja: So segjer Herren: Du brende denne rullen og sa: Kvi skreiv du so i han: Babel-kongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut or det folk og fe?

30  Difor segjer Herren so um Jojakim, Juda-kongen: Han skal ingen ætting hava som kann sitja på Davids kongsstol, og liket hans skal liggja burtslengt i heten um dagen og i kulden um natti.

31  Og eg vil heimsøkja han og ætti hans og tenarane hans for deira misgjerning, og eg vil lata koma yver dei og yver Jerusalems-buane og Juda-mennene all den ulukka som eg hev varsla dei um utan at dei vilde høyra.

32  Då tok Jeremias ein annan rull og gav han til skrivaren Baruk Nerijason, og han skreiv i han etter Jeremias' munn alle ordi i den boki som Jojakim, Juda-kongen, hadde brent upp i elden, og til dei vart det endå lagt mykje av same slaget.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23