«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 33

1  Og Herrens ord kom til Jeremias andre gongen, medan han endå sat innestengd i vaktgarden, og det lydde so:

2  So segjer Herren, som gjer det han vil, Herren som emnar det til og fullfører det - Herren er namnet hans -:

3  Ropa til meg, so skal eg svara deg og kunngjera for deg store og uskynande ting, ting som du ikkje kjenner.

4  For so segjer Herren, Israels Gud, um husi i denne byen og um husi åt Juda-kongen, som er nedrivne til vern mot umlægrings-vollane og sverdet:

5  Dei kjem og vil strida mot kaldearane; men det vert berre til å fylla husi med lik av dei menner som eg slær i min vreide og harm, og som med sin store vondskap hev valda at eg hev løynt mi åsyn for denne byen.

6  Sjå, eg kjem med helsebot og lækjedom og lækjer dei, og eg vil syna dei ei ovnøgd med fred og trygd.

7  Og eg vil gjera ende på utlægdi for Israel og Juda, og eg vil byggja dei som i den fyrste tidi.

8  Og eg vil reinsa dei for all misgjerningi deira, som dei hev synda mot meg med, og eg vil tilgjeva alle misgjerningane deira, som dei hev synda og forbrote seg mot meg med.

9  Og byen skal vera meg til eit fagnadnamn, til pris og til pryda for alle folkeslag på jordi, når dei fær høyra um alt det gode som eg gjer dei, og dei skal skjelva og bivra i når dei fær sjå alt det gode og all den fred eg gjev dei.

10  So segjer Herren: På denne staden som de kallar "ein øydestad utan folk og fe", her, Juda-byane og på Jerusalems-gatone, som ligg i øyde utan folk og utan ibuarar og utan fe, skal ein endå ein gong få høyra

11  fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur, rop av dei som segjer: Lova Herren, allhers Gud, for Herren er god, hans miskunn varer æveleg - dei som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg gjer ende på utlægdi, so landet vert som i den fyrste tidi, segjer Herren.

12  So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal det på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byane her ikring vera eit tilhald for hyrdingar som let sauene roa seg der.

13  I alle byane i fjellbygdene, i låglands-byane og i sudlands-byane og i Benjamins-landet og i landet kringum Jerusalem og i Juda-byane skal sauene endå ein gong ganga framum den som tel dei, segjer Herren.

14  Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera sannrøynt det gode ordet som eg hev tala um Israels hus og um Judas hus.

15  I dei dagane og i den tidi vil eg lata ein rettferdig renning renna upp for David, og han skal gjera rett og rettferd i landet.

16  I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt, og dei skal kalla det: Herren, vår rettferd.

17  For so segjer Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt som kann sitja på Israels kongsstol,

18  og av levitpreste-ætti skal det aldri vanta ein mann for mi åsyn som kann ofra brennoffer og brenna matoffer og bra fram slaktoffer alle dagar.

19  Og Herrens ord kom til Jeremias, og det lydde so:

20  So segjer Herren: Kann de brjota mi pakt med dagen og mi pakt med natti, so det ikkje vert dag og natt i si rette tid,

21  då skal og mi pakt med David, tenaren min, verta broti, so han ikkje fær nokon son som vert konge og sit på hans kongsstol, og mi pakt med levitprestane som tener meg.

22  Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og havsens sand ikkje let seg telja, soleis vil eg gjera ætti åt David, tenaren min, til ei ovmengd, og like eins levitane som tener meg.

23  Og Herrens ord kom til Jeremias, og det lydde so:

24  Hev du ikkje gjeve gaum etter kva dette folket hev tala og sagt: Dei tvo ættgreinene som Herren hadde valt ut, dei støytte han frå seg? Og folket mitt vanvyrder dei, so det ikkje lenger er noko folk i deira augo.

25  So segjer Herren: Hev eg ikkje gjort mi pakt med dag og natt, ikkje gjeve lover for himmel og jord,

26  so vil eg støyta frå meg ætti til Jakob og åt David, tenaren min, so eg ikkje av ætti hans tek nokon av til å råda yver ætti åt Abraham og Isak og Jakob; for eg vil gjera ende på utlægdi deira og miskunna dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23