Profeten Jeremia 32
1 Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren i det tiande året av Sedekias' kongedøme i Juda, det er det attande året Nebukadnesar var konge.
2 Det var ved det leitet at heren åt Babel-kongen kringsette Jerusalem, og profeten Jeremias var innestengd i vaktgarden som høyrde til huset åt Juda-kongen;
3 der hadde Sedekias, Juda-kongen, stengt han inne med so falne ord: Kvi spår du og segjer: So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i hendene på Babel-kongen, og han skal taka han,
4 og Sedekias, Juda-kongen, skal ikkje sleppa or hendene på kaldearane, men han skal verta gjeven i hendene på Babel-kongen, og han skal tala med han munn mot munn og sjå han auga mot auga,
5 og han skal føra Sedekias til Babel, og der skal han vera til eg vitjar han, segjer Herren; når de strider mot kaldearane, skal lukka ikkje fylgja dykk.
6 Og Jeremias sa: Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
7 Sjå, Hanamel, son åt Sallum, farbror din, kjem til deg og segjer: Kjøp jordi mi i Anatot! For du hev løysingsretten, so du kann kjøpa henne.
8 Og Hanamel, son åt farbror min, kom til meg i vaktgarden etter Herrens ord og sa til meg: Kjøp jordi mi som er i Anatot i Benjamins-landet! For du hev odelsretten, og du hev skyldnaden til å løysa henne. Kjøp då! Då skyna eg at det var ord frå Herren.
9 Og eg kjøpte jordi av Hanamel, son åt farbror min, i Anatot, og vog sylvet åt han; sytti sylvsekel.
10 So skreiv eg det i eit brev og sette innsigle på og tok vitne og vog sylvet på ei skålvekt.
11 Sidan tok eg kjøpebrevet, både det innsigla med avtalen og vilkåri, og det opne,
12 og eg gav kjøpebrevet til Baruk, son åt Nerija Mahsejason, for augo på Hanamel, frenden min, og vitni som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei jødane som sat i vaktgarden.
13 Og medan dei høyrde på, sa eg til Baruk:
14 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Tak desse brevi, både kjøpebrevet med innsigle og det opne brevet, og legg dei i ei leirkrukka, so dei kann standa seg i lang tid!
15 For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal det verta kjøpt hus og jorder og vinhagar i dette landet.
16 Då eg so hadde gjeve Baruk Nerijason kjøpebrevet, bad eg til Herren og sa:
17 Å, Herre, Herre! Sjå, det er du som hev gjort himmelen og jordi med di store makt og med din strake arm; ingen ting er for vand for deg,
18 du som gjer miskunn mot tusund ættleder og hemner misgjerdi åt federne på borni deira etter dei, du store, veldige Gud - Herren, allhers Gud, er namnet ditt -
19 du som er stor i råd og mektig i gjerning, du som hev augo dine opne yver vegane åt alle mannsborni, so du kann gjeva kvar mann etter hans ferd og etter den grøda hans gjerningar hev bore,
20 du som gjorde teikn og under i Egyptar-landet og alt til denne dag, både med Israel og med andre menneske, og gjorde deg namnfræg so som du er i dag,
21 og førde Israel, folket ditt, ut or Egyptar-landet med teikn og under og med sterk hand og strak arm og med stor fælska
22 og gav dei dette landet som du hadde svore federne deira at du vilde gjeva dei, eit land som fløymer med mjølk og honning.
23 Og dei kom og eigna det til seg, men dei høyrde ikkje på di røyst og levde ikkje etter lovene dine; dei gjorde ikkje noko av det som du hadde bode dei å gjera. So let du då all denne ulukka koma yver dei.
24 Sjå, umlægrings-vollane er alt komne innåt byen, so dei kann taka han, og ved sverd og svolt og sott er byen gjeven i hendene på kaldearane, som strider imot han. So no er det kome det du truga med; du ser det sjølv.
25 Og like vel hev du, Herre, Herre, sagt til meg: Kjøp jordi for pengar og tak vitne på det! - endå byen er gjeven i hendene på kaldearane.
26 Då kom Herrens ord til Jeremias, og det lydde so:
27 Sjå, eg er Herren, all kjøts Gud; skulde nokon ting vera for vand for meg?
28 Difor segjer Herren so: Sjå, eg gjev denne byen i hendene på kaldearane og i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og han skal taka han.
29 Og kaldearane som strider mot denne byen, skal koma og setja eld på han og brenna han med dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse for Ba'al og rent ut drykkoffer for andre gudar til å harma meg med.
30 For alt frå sin ungdom hev Israels-borni og Juda-borni berre gjort slikt som eg mislika; ja, Israels-borni hev ikkje gjort anna enn harma meg med dei verk deira hender hev gjort, segjer Herren.
31 For denne byen hev vore til å gjera meg vreid og harm ifrå den dagen dei bygde han, og alt fram til denne dag, so eg lyt taka han burt frå mitt åsyn
32 for all vondskapen som Israels-borni og Juda-borni hev gjort til å harma meg med, dei sjølve, kongane deira, hovdingane deira, prestane og profetane deira, Juda-menner og Jerusalems-buar.
33 Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet; og endå eg lærde dei jamt og samt, so høyrde dei ikkje og tok ikkje age.
34 Men dei sette sine styggeting i det huset som er uppkalla etter mitt namn, so dei sulka det ut.
35 Og dei bygde offerhaugane for Ba'al i Hinnomsons-dalen, av di dei vilde lata sønene og døtterne sine ganga gjenom elden for Molok, endå eg ikkje hadde sett dei til slikt, og det aldri var kome i mine tankar at dei skulde fara med slik styggedom; og soleis fekk dei Juda til å synda.
36 Men difor* segjer Herren, Israels Gud, no so um denne byen som de segjer er gjeven i hendene på Babel-kongen ved sverd og svolt og sott:
37 Sjå, eg samlar dei ut or alle dei landi som eg dreiv dei burt til i min vreide og harm og store gram, og eg vil føra dei heim att til denne staden og lata dei bu trygt.
38 Då skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
39 Og eg vil gjeva dei eitt hjarta og læra dei ein veg til å ottast meg alle dagar, so det kann ganga dei vel, dei og borni deira etter dei.
40 Og eg vil gjera ei æveleg pakt med dei at eg aldri skal halda upp med å fylgja dei og gjera vel imot dei, og otte for meg vil eg leggja i deira hjarta, so dei ikkje skal ganga burt frå meg.
41 Og eg vil fagna meg yver dei og gjera vel imot dei, og eg vil planta dei i dette landet med truskap, av alt mitt hjarta og av all mi sjel.
42 For so segjer Herren: Liksom eg hev late all denne store ulukka koma yver dette folket, soleis vil eg og lata alt det gode koma yver dei som eg hev lova dei.
43 Og jorder skal verta kjøpte i dette landet som de kallar "ei audn, utan folk og fe, gjevi i hendene på kaldearane".
44 Jorder skal dei kjøpa for pengar og skriva kjøpebrev og innsigla dei og taka vitne, i Benjamins-landet og i landet kringum Jerusalem og i Juda-byane, både dei i i fjellbygdene og dei i låglandet og dei i sudlandet; for eg vil gjera ende på deira utlægd, segjer Herren.