«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 3

1  Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå han og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.

2  Lyft upp augo dine til dei snaude haugane og sjå: Kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegane sat du og venta på dei, som ein arab i øydemarki, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.

3  So vart då regnskurene haldne att, og vårregn kom det ikkje; men panna di var som på ei horkona, det beid ikkje skam i deg.

4  Hev du ikkje nett no ropa til meg: Min far, du er min ungdomsven?

5  Kann han vilja gøyma på vreide æveleg og harmast for ævelengdi? Sjå, so tala du, og endå gjorde du det vonde, og kunde det med.

6  Og Herren sa til meg i kong Josias' dagar: Hev du set kva ho hev gjort, den fråfalne kvinna Israel? Ho gjekk upp på kvart eit høgt fjell og inn under kvart eit grønt tre og dreiv hor der.

7  Og eg sa: Etter ho hev gjort alt dette, vil ho snu attende til meg. Men ho snudde ikkje, og det såg syster hennar, Juda, den utrue kvinna.

8  Og eg såg at endå eg hadde sendt frå meg Israel, den fråfalne, og gjeve henne hennar skilsmålsbrev, av di ho hadde drive hor, so ottast ikkje Juda, den utrue systeri like vel, men gjekk av stad og dreiv hor ho med;

9  og med sin ubljuge lauslivnad vanhelga ho landet, og ho dreiv hor med stein og med tre.

10  Og med alt dette snudde den utrue systeri Juda ikkje um til meg av alt sitt hjarta, men berre lest gjera det, segjer Herren.

11  Og Herren sa til meg: Den fråfalne, Israel, hev tét seg rettferdigare enn den utrue, Juda.

12  Gakk av stad og ropa ut desse ordi mot nord og seg: Snu då um, Israel, du fråfalne, segjer Herren; eg vil ikkje møta dykk med harmfullt andlet; for eg er miskunnsam, segjer Herren, eg vil ikkje æveleg gøyma på vreide.

13  Berre gakk ved di misgjerning, at du fall ifrå Herren din Gud og på ymse leider for etter framande gudar, inn under kvart eit grønt tre, men på mi røyst hev de ikkje lydt, segjer Herren.

14  Snu um, de fråfalne born, segjer Herren; for eg er herren dykkar, og eg vil taka dykk, ein or ein by og tvo av ei ætt, og føra dykk til Sion.

15  Og eg vil gjeva dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal gjæta dykk med vit og skynsemd.

16  Og når de aukar og veks i landet i dei dagane, segjer Herren, då skal dei aldri meir tala um Herrens paktkista eller tenkja på henne; dei skal ikkje koma henne i hug og ikkje sakna henne, og dei skal ikkje heller meir gjera seg ei slik kista.

17  I den tidi skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol, og alle folki skal samlast dit, til Herrens namn i Jerusalem, og aldri meir skal dei fylgja sitt vonde, harde hjarta.

18  I dei dagane skal Juda-huset ganga til Israels-huset, og dei skal koma saman frå landet i nord til det landet som eg gav federne dykkar til odel.

19  Eg sa då: Å, kor høgt eg vil sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadleg land, den herlegaste odel millom folki! Og eg sa: De skal ropa til meg: Min far! og ikkje meir skilja lag med meg.

20  Men liksom ei kvinna er utru mot venen sin, soleis hev de vore utru mot meg, du Israels hus! segjer Herren.

21  Ei røyst høyrest på dei snaude haugane, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren sin Gud.

22  Snu um, de fråfalne born, so skal eg lækja dykkar fråfall! Sjå her, me kjem til deg; for du er Herren vår Gud.

23  Sanneleg, fåfengt er det at de ståkar på haugane*; Sanneleg, i Herren vår Gud er Israels frelsa!

24  Men den skamlege avgudsdyrkingi hev ete upp det federne våre streva i hop alt frå vår ungdom, deira sauer og kyr, deira søner og døtter.

25  Lat oss då liggja i vår skjemd, og lat skammi vår breida seg yver oss! For mot Herren vår Gud hev me synda, me og federne våre, alt frå vår ungdom og til denne dag, og me hev ikkje lydt på Herren vår Guds røyst.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23