Profeten Jeremia 28
1 Same året, i den fyrste tidi Sedekias Josiasson var konge i Juda, i det fjorde året, i femte månaden, sa Hananja Assursson, profeten frå Gibeon, til meg i Herrens hus so prestane og alt folket høyrde det:
2 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Eg hev brote sund Babel-kongens åk.
3 Um tvo år vil eg føra attende til denne staden alle dei gognene i Herrens hus som Nebukadnesar, Babel-kongen, tok frå denne staden og førde til Babel.
4 Og Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og alle hine burtførde frå Juda som er komne til Babel, fører eg attende til denne staden, segjer Herren; for eg bryt sund Babel-kongens åk.
5 Då svara profeten Jeremias profeten Hananja so dei høyrde det både prestane og alt folket som stod i Herrens hus -
6 profeten Jeremias sa: Amen! Det gjere Herren! Herren setje i verk det som du hev spått, so han fører attende frå Babel til denne staden gognene i Herrens hus og alle dei burtførde!
7 Men høyr no det ordet som eg talar for øyro på deg og alt folket:
8 Dei profetane som hev vore fyre meg og deg frå ævordsleg tid, dei spådde mot mange land og store rike um ufred og ulukka og sott.
9 Den profeten som spår um fred - når ordi åt den profeten sannar seg, då kann alle sjå at Herren i sanning hev sendt den profeten.
10 Då tok profeten Hananja åket av nakken på profeten Jeremias og braut det sund.
11 Og Hananja sa so alt folket høyrde det: So segjer Herren: Soleis vil eg um tvo år brjota sund Nebukadnesars, Babel-kongens, åk og taka det av nakken på alle folki. Då gjekk profeten Jeremias sin veg.
12 Men etter profeten Hananja hadde brote sund åket og teke det av nakken på profeten Jeremias, kom Herrens ord til Jeremias, og det lydde so:
13 Gakk og seg til Hananja: So segjer Herren: Eit tre-åk hev du brote sund, men att-istaden hev du laga eit jarn-åk.
14 For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Eit jarn-åk hev eg lagt på nakken åt alle desse folkeslagi, so dei skal tena Nebukadnesar, Babel-kongen, og dei lyt tena han; ja, jamvel dyri på marki hev eg gjeve han.
15 Då sa profeten Jeremias til profeten Hananja: Høyr no, Hananja! Herren hev ikkje sendt deg, men du hev fenge dette folket til å lita på lygn.
16 Difor segjer Herren so: Sjå, eg tek deg burt frå jordi; i dette året skal du døy, for di du hev preika fråfall frå Herren.
17 Og profeten Hananja døydde same året, i sjuande månaden.