«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 23

1  Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider den hjordi som eg beiter, segjer Herren.

2  Difor segjer Herren, Israels Gud, so um hyrdingane som gjæter folket mitt: De hev spreidt sauene mine og jaga dei burt og ikkje set etter dei; sjå, eg heimsøkjer dykk for den vonde åtferdi dykkar, segjer Herren.

3  Men sjølv vil eg samla det som er att av sauene mine, or alle dei landi eg hev drive dei burt til, og venda dei attende til deira eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast.

4  Og eg vil setja hyrdingar yver dei, og dei skal gjæta dei; og dei skal ikkje lenger reddast eller taka fæla, og ingen av dei skal verta sakna, segjer Herren.

5  Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil lata ein rettferdig renning standa fram åt David, og han skal vera konge og fara viseleg åt og gjera rett og rettferd i landet.

6  I hans dagar skal Juda verta frelst og Israel bu trygt, og dette er namnet hans, det dei kallar han: Herren, vår rettferd*.

7  Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal segja: So visst som Herren lever, han som førde Israels-borni ut or Egyptar-landet,

8  men: So visst som Herren lever, som førde Israels hus og ætt ut og læt dei koma frå eit land i nord og frå alle landi som eg hadde drive dei burt til. Og dei skal få bu i landet sitt.

9  Um profetane. Hjarta i mitt brjost er sundkrasa, alle beini mine skjelv, eg er lik ein drukken mann, ein mann som vinen hev maktstole, for Herren skuld og for hans heilage ord skuld.

10  For landet er fullt av horkarar; for forbanningi skuld visnar landet, er beitelandi i øydemarki turrbrende; dei* skundar seg til det som vondt er, og er veldige i urett.

11  For både profet og prest er gudlause; jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren.

12  Difor skal vegen deira verta for dei som sleip-flekker i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett der; for eg let ulukka koma yver dei det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren.

13  Hjå profetane i Samaria hev eg set dårskap; dei spådde ved Ba'al og førde mitt folk Israel på villstig.

14  Men hjå profetane i Jerusalem hev eg set gruelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer hendene på illgjerningsmenner, so ingen av dei vender um frå sin vondskap; dei er alle vortne liksom Sodoma for meg, folket i byen liksom Gomorra.

15  Difor segjer Herren, allhers Gud, so um profetane: Sjå, eg gjev dei malurt å eta og eitervatn å drikka; for ifrå profetane i Jerusalem er gudløysa gjengi ut yver alt landet.

16  So segjer Herren, allhers Gud: Lyd ikkje på ordi åt dei profetar som spår åt dykk! Dei fyller dykk med tome innbillingar; sine eigne hjartesyner ber dei fram, ikkje ord frå Herrens munn.

17  Jamt og samt segjer dei til dei som vanvyrder meg: Herren hev sagt: Det skal ganga dykk vel. Og til kvar og ein som fylgjer sitt harde hjarta, segjer dei: Nokor ulukka skal det ikkje koma yver dykk.

18  For kven av dei hev stade i Herrens råd, so han såg og høyrde hans ord? Kven hev gjeve gaum etter mitt ord og høyrt det?

19  Sjå, ein storm frå Herren, vreiden hans, bryt fram, ein kvervelstorm; ned yver hovudet på dei ugudlege kjem han i kvervlar.

20  Herrens vreide skal ikkje venda att fyrr han hev sett i verk og fullført sitt hjartans tankar; i dei siste dagar skal de greinleg skyna det.

21  Eg sende ikkje profetane, men endå sprang dei av stad; eg tala ikkje til dei, men endå spådde dei.

22  Og hadde dei stade i mitt råd, då vilde dei lata mitt folk høyra mine ord og snu dei frå deira vonde veg og frå deira vonde verk.

23  Er eg ein Gud berre nær ved, segjer Herren, og ikkje ein Gud langt burte?

24  Eller kann nokon løyna seg i slike løyne at eg ikkje kann sjå han? segjer Herren. Fyller eg ikkje himmelen og jord? segjer Herren.

25  Eg hev høyrt kva dei profetane hev sagt som spår lygn i mitt namn og segjer: Eg drøymde, eg drøymde.

26  Kor lenge skal dette vara? Er dei meinte på, desse profetane som spår lygn, og som ber fram sitt hjartans svik -

27  tenkjer dei å få mitt folk til å gløyma mitt namn med draumane sine som dei fortel kvarandre, liksom federne deira gløymde mitt namn for Ba'al?

28  Den profeten som hev ein draum, han fær fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning! Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren.

29  Er ikkje mitt ord som ein eld, segjer Herren, og som ein hamar som krasar berg?

30  Sjå, difor, segjer Herren, kjem eg yver dei profetane som stel ordi mine frå kvarandre.

31  Sjå, eg kjem yver dei profetane som brukar tunga si og segjer: So segjer Herren.

32  Sjå, eg kjem yver dei som ber fram lygn-draumar, segjer Herren, og som fortel dei og fører mitt folk på villstig med lygnene sine og kytet sitt; eg hev ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, segjer Herren.

33  Og når dette folket eller ein profet eller prest spør deg: Kva er Herrens byrd? - då skal du segja dei kva byrdi er: [De er byrdi] og eg vil kasta dykk av, segjer Herren*.

34  Og den profet og den prest og den mann i folket som segjer: Herrens byrd, den mannen og hans hus vil eg heimsøkja.

35  So skal de segja kvar til sin næste og kvar til sin bror: Kva hev Herren svara? Kva hev Herren tala?

36  Men "Herrens byrd" skal de ikkje nemna lenger; for åt kvar mann skal hans eige ord vera "byrdi", for di de hev rengt ordi frå den levande Gud, Herren, allhers Gud, vår Gud.

37  So skal du segja til profeten: Kva hev Herren svara deg? Kva hev Herren tala?

38  Men segjer de "Herrens byrd", då segjer Herren so: Av di de segjer dette ordet "Herrens byrd", endå eg sende bod til dykk og sa: De skal ikkje segja "Herrens byrd",

39  sjå, difor vil eg reint gløyma dykk og kasta dykk og byen som eg gav dykk og federne dykkar, burt frå mi åsyn,

40  og eg vil leggja på dykk ei æveleg skam og ei æveleg vanæra, som aldri skal gløymast.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23