Profeten Jeremia 21
1 Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren då kong Sedekias sende til han Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma'asejason og let segja:
2 Spør Herren for oss! For Nebukadnesar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren vil gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.
3 Då sa Jeremias til dei: So skal de segja til Sedekias:
4 So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende stridsvåpni som er i hendene dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldearane, som kringset dykk, og eg vil samla dei midt i denne byen.
5 Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og harm og stor gram.
6 Og eg vil slå dei som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.
7 Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sedekias, Juda-kongen, og tenarane hans og folket, dei som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og i hendene på fiendane deira og i hendene på dei som stend dei etter livet; og han skal slå dei med sverdseggi, han skal ikkje spara dei og ikkje liva dei og ikkje visa miskunn.
8 Og til dette folket skal du segja: So segjer Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til dauden:
9 Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott; men den som gjeng ut og gjev seg til kaldearane, som kringset dykk, han skal få leva, og han skal få sitt liv til herfang.
10 For eg hev sett mi åsyn imot denne byen til det vonde og ikkje til det gode, segjer Herren; i hendene på Babel-kongen vert han gjeven, og han skal brenna han upp med eld.
11 Og til Juda-kongens hus skal du segja: Høyr Herrens ord, du Davids hus!
12 So segjer Herren: Set retten kvar morgon, og berga utor valdsmanns hand den som er utplundra, so ikkje harmen min skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for illgjerningane dykkar!
13 Sjå, eg kjem yver deg, du som bur i dalen, uppå berget på sletta*, segjer Herren - de som segjer: Kven kann koma ned og taka på oss, og kven kann koma inn i bustadene våre?
14 Eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld på skogen deira*, og han skal øyda alt der rundt ikring.