Profeten Jeremia 19
1 So sa Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestane,
2 og gakk ut til Hinnomssons-dalen, som er utanfor Krusmakar-porten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg!
3 Du skal segja: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå eg fører slik ulukka yver denne staden at det skal ringja for øyro på alle som høyrer um det,
4 av di dei vende seg frå meg ikkje heldt denne staden for heilag og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongane, og fyllte denne staden med skuldlaust blod
5 og bygde Ba'als-haugar til å brenna sønene sine i eld på, til brennoffer for Ba'al, slikt som eg korkje hev gjeve påbod eller tala um, og som aldri kom i mine tankar.
6 Sjå, difor kjem det dagar, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnomssons-dalen, men Dråpsdalen.
7 Og på denne staden vil eg gjera rådi åt Juda og Jerusalem um inkje, og eg vil lata dei falla for sverdet åt deira fiendar og for deira hand som stend dei etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi.
8 Eg vil gjera denne byen til ei skræma og ei spott; alle som fer framum, skal verta forstøkte og spotta yver alle plagone hans.
9 Eg vil lata dei eta kjøtet av sønene og døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg dei etter livet, fører yver dei.
10 Og du skal krasa krukka for augo på dei menner som gjeng med deg,
11 og segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen, som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja folk av di det ikkje finst andre stader til å jorda dei i.
12 Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med dei som her bur; eg vil gjera denne byen lik Tofet.
13 Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongane skal verta som Tofet, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse for heile himmelheren og rent ut drykkoffer for andre gudar.
14 Og Jeremias kom frå Tofet, dit Herren hadde sendt han til å tala profetord, og han steig fram i fyregarden til Herrens hus og sa til alt folket:
15 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byane som høyrer han til, let eg koma all den ulukka som eg hev varsla imot han; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje på mine ord.