Profeten Jeremia 17
1 Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartetavla og på deira altarhorn,
2 like eins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bileti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugane.
3 Du fjellet mitt på vollen*! Godset ditt, alle skattane dine vil eg gjeva til herfang, like eins offerhaugane dine, til straff for den synd som er gjord i heile landet ditt.
4 Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata odelen din som eg gav deg, kvila etter deg*, og eg vil lata deg træla for fiendane dine i eit land du ikkje kjenner; for ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.
5 So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneske og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren.
6 Han skal verta som ein hjelpelaus mann i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen bur.
7 Velsigna er den mann som lit på Herren og hev Herren å lita på.
8 Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og tøygjer røtene sine burt åt ein bekk, og som ikkje reddast når heten kjem, men alltid hev grønt lauv, og som ikkje syrgjer i turkår og ikkje held upp med å bera frukt.
9 Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt er det; kven kjenner det?
10 Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro og gjev so kvar og ein etter hans åtferd, etter frukti av hans gjerningar.
11 Lik ei rapphøna som samlar ungar ho ikkje sjølv hev klekt ut, er den som vinn rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata han frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.
12 Eit herlegdomssæte, høgreist frå gamalt, er staden åt heilagdomen vår.
13 Herre, du Israels von! Alle som vender seg frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg, skal verta skrivne i moldi; for dei hev vendt seg frå Herren, kjelda med det levande vatnet.
14 Læk meg, Herre, so vert eg lækt! Frels meg, so vert eg frelst! For du er min lovsong.
15 Sjå, dei segjer til meg: Kvar vart det av Herrens ord? Lat det koma!
16 Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag* ynskte eg ikkje, du veit det; - det som kom frå lippone mine, det visste du um.
17 Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukke-dagen.
18 Lat dei verta til skammar som forfylgjer meg, og lat ikkje meg verta til skammar! Lat dei fæla, og lat ikkje meg fæla! Lat ulukke-dagen koma yver dei, og med ei tvifeld sundkrasing krase du dei!
19 So sa Herren til meg: Gakk og statt i Folke-porten, der som Juda-kongane gjeng inn og ut, og i alle portane i Jerusalem!
20 Og du skal segja til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og heil Juda og alle Jerusalems-buar, de som gjeng inn gjenom desse portane!
21 So segjer Herren: Vara dykk so sant de hev livet dykkar kjært, so de ikkje på sabbatsdagen ber nokor byrd og kjem inn med gjenom Jerusalems-portane!
22 Og de skal ikkje bera nokor byrd ut or husi dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko slag arbeid; men de skal halda sabbatsdagen heilag, so som eg baud federne dykkar.
23 Men dei høyrde ikkje og la ikkje øyra til; dei gjorde seg hardnakka, so dei høyrde ikkje og tok ikkje age.
24 Men um de høyrer på meg, segjer Herren, so de ikkje på sabbatsdagen ber nokor byrd inn gjenom portane i denne byen, men held sabbatsdagen heilag og ikkje gjer arbeid den dagen,
25 då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portane i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennene og Jerusalems-buane, og denne byen skal standa æveleg,
26 og frå Juda-byane og frå landet kring Jerusalem og frå Benjamins-landet og frå låglandet og frå fjellbygdene og frå sudlandet skal dei koma og bera fram brennoffer og slaktoffer og matoffer og røykjelse, og bera fram takkoffer til Herrens hus.
27 Men um de ikkje høyrer på meg, so de held sabbatsdagen heilag, og ikkje kjem med nokor byrd og ber inn gjenom Jerusalems-portane på sabbatsdagen, då vil eg kveikja eld på portane, og han skal øyda slotti i Jerusalem og ikkje slokna.