Profeten Jeremia 15
1 Då sa Herren til meg: Um so Moses og Samuel stod fram for mi åsyn, skulde mi sjel ikkje venda seg til dette folket like vel. Driv dei burt frå mi åsyn, lat dei fara!
2 Og når dei segjer til deg: Kvar skal me då fara? - so skal du svara: So segjer Herren: Til dauden den som åt dauden* er etla, og til sverdet den som åt sverdet er etla, og til svolten den som åt svolten er etla, og til utlægd den som åt utlægd er etla.
3 Fire slag heimsøkjingar byd eg då ut imot dei: sverdet til å drepa dei og hundane til å draga dei burt og fuglane i lufti og dyri på marki til å eta og øyda dei.
4 Og eg vil lata alle kongeriki på jordi fara ille med dei for det som Manasse Esekiasson, Juda-kongen, gjorde i Jerusalem.
5 For kven vil tykkja synd i deg, Jerusalem, og kven vil syna deg medkjensla, og kven vil gjera seg ærend og spyrja um det stend vel til med deg?
6 Du støytte meg ifrå deg, segjer Herren, du gjekk din veg; difor retter eg handi ut imot deg og tyner deg; eg er trøytt av å ynkast.
7 Og eg kastar dei med kasteskovl ut igjenom landsens portar, eg gjer folket mitt barnlaust, eg tyner det, for di det ikkje vende um frå sine vegar.
8 Enkjone deira vert fleire enn havsens sand; yver møderne til deira unge menner let eg ein tynar koma høgstdags leite; eg let redsla og fælske dåtteleg koma yver dei.
9 Jamvel mori som fødde sju søner, talmast burt og andast; hennar sol gjeng ned medan det endå er dag; ho vert til spott og skam. Og det som vert att av dei, gjev eg til sverdet åt fiendane deira, segjer Herren.
10 Eie meg, mor mi, at du skulde føda meg, meg som alle folk i landet strider og trettar med! Ikkje hev eg lånt dei noko, og ikkje hev dei lånt meg noko, og endå bannar dei meg alle i hop.
11 Herren sa: Visseleg, eg vil fria deg ut, so det gjeng deg godt; visseleg, eg vil lata fienden naudbeda deg når ulukka og naudi kjem på dei.
12 Kann ein brjota sund jarn, jarn frå Norder-land, og kopar?
13 Godset ditt og skattane dine vil eg gjeva til ran - utan betaling, og det for alle syndene dine, i heile landet ditt.
14 So vil eg lata fiendane dine fara yver* til eit land som du ikkje kjenner; for ein eld er kveikt i min vreide, mot dykk skal han loga.
15 Du veit det, Herre! Kom meg i hug og vitja meg og lat meg få hemn yver dei som forfylgjer meg! Riv meg ikkje burt, langmodig som du er mot dei*! Tenk på at eg vert svivyrd for di skuld!
16 Eg fann dine ord, og eg åt dei, og dine ord vart til frygd for meg og til fagnad for mitt hjarta; for eg er uppkalla etter ditt namn, Herre, allhers Gud.
17 Eg hev ikkje sete i lag med skjemtande menner og gama meg; gripen av di hand hev eg sete einsleg; for du fyllte meg med harm.
18 Kvi er mi liding æveleg, og såret mitt ulækjande? Det vil ikkje gro. Du hev vorte som ein svikal bekk åt meg, som vatn ein ikkje kann lita på.
19 Difor segjer Herren so: Um du vender um, vil eg lata deg koma att og standa framfor mi åsyn, og um du skil det dyre frå det verdlause, då skal du vera som min munn; dei skal venda seg til deg att, men du skal ikkje venda deg til dei.
20 Og eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket; dei skal strida mot deg, men ikkje vinna på deg; for eg er med deg og vil frelsa og berga deg, segjer Herren.
21 Eg vil berga deg utor hendene på dei vonde og fria deg utor nevane på valdsmenner.