«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 13

1  So sa Herren til meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte og spenn det um lendene dine, men lat det ikkje koma i vatn!

2  Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lendene mine.

3  Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde so:

4  Tak beltet som du kjøpte, det som du hev um lendene, og statt upp og gakk til Eufrat og gøym det der i ei bergriva!

5  Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde sagt meg fyre.

6  Lang tid etter sa Herren til meg: Statt upp og gakk til Eufrat og henta derifrå det beltet som eg bad deg gøyma der!

7  Og eg gjekk til Eufrat og grov og tok beltet frå den staden der eg hadde gøymt det; og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.

8  Då kom Herrens ord til meg:

9  So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.

10  Dette vonde folket, som ikkje vil høyra på mine ord, som fylgjer sitt harde hjarta og fer etter andre gudar og tener og tilbed dei, det skal verta som dette beltet som det ikkje er gagn i meir.

11  For liksom beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg heile Israels hus og heile Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd og til pris og til pryda; men dei høyrde ikkje.

12  Og du skal segja til dei dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja til deg: Veit me ikkje det då at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?

13  Seg då til dei: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongane som sit på Davids kongsstol, og prestane og profetane og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne.

14  Og eg vil krasa dei, ein mot hin, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje liva, og ikkje spara og ikkje miskunna, so eg let vera å tyna dei.

15  Høyr og gjev gaum, ver ikkje ovmodige! For Herren talar.

16  Gjev Herren dykkar Gud æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føtene dykkar støyter seg på dei dimme fjelli! De stundar på ljos, men han gjer det til daudeskugge, og let det verta stupande myrkt.

17  Men vil de ikkje høyra på dette, då lyt mi sjel syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårone trillar, av di Herrens hjord vert burtførd.

18  Seg til kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! For den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.

19  Byane i sudlandet er stengde, og ingen opnar dei; heile Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.

20  Lyft augo dykkar og sjå dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du* hadde fenge, dei vene sauene dine?

21  Kva vil du segja når han set til hovdingar yver deg dei som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna i barnsnaud?

22  Og når du segjer i ditt hjarta: Kvi hev dette hendt meg? [so skal du vita:] For dine mange misgjerningar er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.

23  Kann ein blåmann skifta si hud, eller ein leopard sine flekker? - Då kann de og gjera godt, de som hev vanst til å gjera vondt.

24  So vil eg då spreida dei liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.

25  Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lite på lygn.

26  So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlet, so dei ser di skam.

27  Horelivnaden din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugane på marki, ja all din styggedom hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23