«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 12

1  Herre, når eg trettar med deg, hev du alltid rett. Endå lyt eg tala med deg um retten: Kvi gjeng det dei ugudlege vel? Kvi er dei sutlause alle dei utrue?

2  Du hev planta dei, og dei hev røtt seg; dei veks og ber frukt; nær er du i deira munn, men langt burte frå deira nyro.

3  Men du, Herre, kjenner meg, du ser meg og røyner mitt hjartelag mot deg; skil dei frå som sauer til slakting og vigsla dei til ein dråpsdag!

4  Kor lenge skal landet visna og urtene på marki alle stader torna burt? For deira vondskap skuld som der bur, er dyr og fuglar burtrivne; for dei segjer: Han* ser ikkje endelykti vår.

5  Vert du utmødd når du spring med gangande mann, korleis kann du då kapprenna med hestar? I eit fredleg land er du trygg, men kva vil du gjera i Jordans prydnad*?

6  For jamvel brørne dine og farshuset ditt, jamvel dei er utrue mot deg, jamvel dei ropar av full hals etter deg; tru dei ikkje når dei talar vent til deg!

7  Eg hev gjenge frå huset mitt, vanda odelen min; eg hev gjeve henne som mi sjel elska, i hendene på hennar fiendar.

8  Odelen min hev vorte for meg som løva i skog, han hev lyft si røyst imot meg; difor hatar eg han.

9  Er odelen min ein spreklut rovfugl? Det er då rovfugl rundt ikring han! Gakk av stad og samla alle dyr i skogen, lat dei koma hit og eta!

10  Hyrdingar* i mengd øydelegg vinhagen min, trakkar ned odelsjordi mi; dei gjer den herlege odelsjordi mi til ei øgjeleg audn.

11  Til ei øydemark gjer dei henne; syrgjande og audsleg ligg ho ikring meg; alt landet er lagt i øyde; for ingen legg det* på hjarta.

12  Yver alle snaude haugar i øydemarki kjem herjande hopar, for Herren hev eit sverd som øyder frå eine enden av landet til hin; det finst ikkje berging for noko kjøt.

13  Dei sår kveite og haustar inn klunger, dei møder seg ut, men reint til fånyttes. So vert då til skammar med grøda dykkar for Herrens brennande vreide!

14  So segjer Herren um alle sine vonde grannar, som rører den odelseiga han hev gjeve sitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer dei upp or landet deira, og Judas hus vil eg rykkja upp midt ibland dei.

15  Men etter eg hev rykt dei upp, vil eg atter miskunna dei og lata dei koma heim att til kvar sin odel og kvar sitt land.

16  Um dei då lærer seg mitt folks vegar, so dei sver ved mitt namn: So visst som Herren lever - liksom dei lærde mitt folk å sverja ved Ba'al, då skal dei verta uppatt-bygde midt ibland mitt folk.

17  Men vil dei ikkje høyra, då vil eg rykkja upp det folket, rykkja det upp og tyna det, segjer Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23