«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 11

1  Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:

2  Høyr ordi i denne pakti og tala til Juda-mennene og Jerusalems-buane!

3  Seg til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Forbanna vere den mann som ikkje lyder ordi i denne pakti,

4  som eg baud federne dykkar den dagen eg førde dei ut or Egyptar-landet, or jarnomnen, då eg sa: Høyr på mi røyst og gjer dette i alle måtar soleis som eg bed dykk, so skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud,

5  so eg kann få halda den eiden som eg svor federne dykkar, at eg vilde gjeva dei eit land som fløymer med mjølk og honning, so som det no hev hendt. Og eg svara: Amen, Herre!

6  Og Herren sa til meg: Ropa ut alle desse ordi i Juda-byane og på Jerusalems-gatone og seg: Lyd på ordi i denne pakti og gjer etter dei!

7  For eg vara federne dykkar ålvorleg då eg førde dei ut or Egyptar-landet, og alt til denne dag, jamt og samt, og sa: Høyr på mi røyst!

8  Men dei lydde ikkje og la ikkje øyra sitt til; kvar og ein fylgde sitt vonde, harde hjarta; so let eg då koma yver dei alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud dei å halda, men som dei ikkje heldt.

9  Og Herren sa til meg: Eg hev vorte var ei samansverjing hjå Juda-mennene og hjå Jerusalems-buane.

10  Dei hev snutt tilbake til misgjerningane åt forfederne sine, dei som ikkje vilde høyra på ordi mine, og dei hev fylgt andre gudar og tent dei; Israels hus og Judas hus hev brote pakti som eg gjorde med federne deira.

11  Difor segjer Herren so: Sjå, eg sender yver dei ei ulukka som dei ikkje kann koma seg undan, og når dei ropar på meg, vil eg ikkje høyra på dei.

12  So skal Juda-byane og Jerusalems-buane ganga og ropa på gudane som dei plar brenna røykjelse for; men dei skal ikkje frelsa dei i deira trengsletid.

13  For gudane dine, Juda, hev vorte like mange som byane dine, og de hev reist like mange altar for skjemdarguden - altar til å brenna røykjelse på for Ba'al - som det er gator i Jerusalem.

14  Og du skal ikkje beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for dei; for eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.

15  Kva hev ho som eg elskar å gjera i mitt hus? Vil dei mange gjera skjemdarverk og meina at det heilage offerkjøtet skal taka det burt frå deg? Når du gjer vondt, då fagnar du deg.

16  "Eit grønt oljetre prydt med fager frukt" kalla Herren deg; medan eit veldigt glam ljomar, kveikjer han eld på det, og greinene brotnar av det.

17  Og Herren, allhers Gud, som planta deg, hev varsla deg ulukka for illgjerningi som Israels hus og Judas hus hev gjort, so dei hev harma meg med å brenna røykjelse for Ba'al.

18  Herren lét meg få vita det*, so no veit eg det; då synte du meg framferdi deira.

19  Men eg var som eit spakt lamb som vert leidt til slakting, og eg visste ikkje at dei hadde tenkt upp meinråder mot meg og sagt: Lat oss øydeleggja treet og frukti på det og rydja han ut or landet åt dei levande, so ingen lenger kjem namnet hans i hug!

20  Men Herren, allhers Gud, er ein rettferdig domar, han ransakar nyro og hjarta; eg skal få sjå at du hemner deg på dei; for eg hev lagt saki mi fram for deg.

21  Difor segjer Herren so um mennene i Anatot, dei som stend deg etter livet og segjer: Du må ikkje tala profetord i Herrens namn, elles skal du døy for vår hand,

22  - difor segjer Herren, allhers Gud, so: Sjå, eg vil heimsøkja dei; dei unge mennene deira skal falla for sverd, sønene og døtterne deira skal døy av svolt,

23  og ikkje noko skal verta leivt åt dei; for eg sender ulukka på mennene i Anatot det året dei vert heimsøkte.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23