«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jakobs brev 5

1  Og no, de rike, gråt og barma dykk for dei ulukkone som skal koma yver dykk!

2  Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mòl-etne;

3  gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagane!

4  Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.

5  De hev levt på jordi i kjæla og etter lystene dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slaktardagen!

6  De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand mot dykk.

7  Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho får haustregn og vårregn.

8  Ver de og tolmodige og styrk hjarto dykkar! for Herrens tilkoma er nær.

9  Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!

10  Mine brør, tak profetane, som tala i Herrens namn, til fyredøme på lida vondt og vera tolmodige!

11  Sjå, me prisar dei sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.

12  Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Med lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!

13  Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje.

14  Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver han og salva han med olje i Herrens namn;

15  og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa han upp; og hev han gjort synder, skal dei verta han forlatne.

16  Sanna då syndene dykkar for kvarandre og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor makt i sin verknad.

17  Elias var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader.

18  Og han bad på nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.

19  Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender han,

20  han skal vita at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjel frå dauden og løyner ei mengd med synder.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23