Jakobs brev 3
1 Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar etter di de veit at me skal få dess tyngre dom!
2 For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile lekamen og.
3 Når me legg beisl i munnen på hestane, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile lekamen deira.
4 Ja, endå skipi, som er so store og vert drivne av sterke vindar, vert styrde med ein liten ror dit som styrmannen vil hava dei.
5 So er og er tunga ein liten lem, og talar endå store ord. Sjå ein liten eld, kor stor ein skog han set i brand!
6 Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemene våre; ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge av helvete.
7 For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege naturi;
8 men tunga kann inkje menneske temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter.
9 Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski, som er skapte etter Guds bilete.
10 Or same munnen kjem det velsigning og banning. Dette må ikkje vera so, mine brør!
11 Gjev vel kjelda søtt og beiskt vatn ut or same uppkoma?
12 Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? Heller ikkje kann ei salt kjelde gjeva søtt vatn.
13 Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde.
14 Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje imot sanningi og ljug ikkje imot henne!
15 Den visdomen kjem ikkje ovantil, men er jordisk, reint sanseleg, djevelsk.
16 For der det er ovund og stridssykja, der er ugreida og alt det som vondt er.
17 Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt.
18 Men rettferds frukt vert sådd i fred for dei som held fred.