«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jakobs brev 2

1  Mine brør, lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg at de gjer skil på folk!

2  For um det kjem ein mann inn i samlingi dykkar med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde,

3  og de ser på han som hev den skinande klædnaden, og segjer: Set du deg her i god sess! og de segjer til den fatige: Statt de der, eller set deg nedfor fotskammelen min! -

4  gjer de ikkje då skilnad hjå dykk sjølve og hev vorte domarar med vonde tankar?

5  Høyr no, mine kjære brør: Hev ikkje Gud valt ut dei som er fatige på verdsens gods, til å vera rike i trui og ervingar til det riket han hev lova dei som elskar han?

6  Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolane?

7  Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som de er nemnde med?

8  I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter Skrifti: Du skal elska næsten din som deg sjølv, so gjer de vel;

9  Men gjer de skil på folk, so gjer de synd, og lovi refser dykk som lovbrjotarar.

10  For den som held heile lovi, men snåvar i ein ting, han hev brote saka i alt.

11  For han som sa: Du skal ikkje gjera hor, han sa og: Du skal ikkje slå i hel. Um du då ikkje gjer hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar.

12  Tala so og gjer so som dei som skal verta dømde etter fridoms lov!

13  For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen.

14  Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa han?

15  Um ein bror eller ei syster er nakne og vantar føda for dagen,

16  og ein av dykk segjer til dei: Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette! men de ikkje gjev dei det som lekamen treng, kva gagnar so det?

17  Soleis og med trui: hev ho ikkje gjerningar, so er ho daud i seg sjølv.

18  Men ein kann segja: Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, so skal eg syna deg mi tru av mine gjerningar.

19  Du trur at Gud er EIN; du gjer rett; djevlane trur og det og skjelv.

20  Og vil du vita det, du dårlege menneske, at trui er nyttelaus utan gjerningar?

21  Abraham, ættefaren vår, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret?

22  Du ser at trui verka saman med gjerningane hans, og at trui vart fullkomi ved gjerningane,

23  og Skrifti vart uppfyllt, som segjer: Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd, og han vart kalla Guds ven.

24  De ser at eit menneske vert rettferdiggjort ved gjerningar, og ikkje ved tru åleine.

25  Like eins og med Rahab, skjøkja: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennene og slepte dei ut ein annan veg?

26  For liksom lekamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23