Profeten Jesaja 63
1 Kven er han som kjem frå Edom, frå Bosra i raude klæde, so brikjen i bunaden sin, so staut i si store kraft? - Det er eg, eg som talar rettferd, som er mektig til å frelsa.
2 Kvifor er bunaden din so raud, og klædi som trødde du vinpersa?
3 Vinpersa hev eg trødt, eg åleine, og av folki var det ingen med meg; so trødde eg på dei i vreide og trakka dei sund i min harm; då skvatt deira blod på klædi mine, og heile min klednad fekk eg sulka.
4 For ein hemnedag var i min hug, og mitt utløysingsår var kome;
5 og eg såg meg um, men det var ingen som hjelpte; eg stod der undren, men ingen studde meg; då kom min arm meg til hjelp, og min harm var meg til studnad,
6 og eg trakka ned folkeslag i min vreide og gjorde dei drukne* i min harm; deira blod let eg renna på jordi.
7 Herrens miskunn vil eg forkynna, Herrens pris etter alt det Herren hev gjort mot oss, og hans store godleik mot Israels hus, for di han gjorde imot dei etter si miskunn og sin store nåde.
8 Han sa: Ja, dei er mitt folk, dei er born som ikkje vil svika. Og han vart ein frelsar for dei.
9 I all deira trengsla var ingi trengsla, og hans åsyns engel frelste dei; i sin kjærleik og si store milda løyste han dei ut, og han tok dei upp og bar dei alle dagar i gamletidi.
10 Men dei var stride og gjorde hans Heilage Ande sorg; då skifte han hug og vart deira fiende, han sjølv stridde imot dei.
11 Då tenkte hans folk på gamle dagar, på Moses: Kvar er han som førde dei upp or havet med sin buskaps hyrding? Kvar er han som gav sin Heilage Ande midt ibland dei,
12 han som let sin herlege arm fara ved høgre sida åt Moses; og som kløyvde vatnet framfor dei, so han skapte seg eit æveleg namn,
13 han som førde dei gjenom djupet som ein hest yver heidi, so ikkje dei snåva?
14 Liksom buskapen som gjeng ned i dalen, førde Herrens Ande dei til ro; soleis førde du ditt folk og skapte deg eit herleg namn.
15 Skoda ned frå himmelen og sjå, frå din heilage og herlege bustad! Kvar er din brennhug og ditt velde? Din hjartans medynk og di miskunn held seg att frå meg.
16 For du er vår far; for Abraham veit ikkje um oss, og Israel kjenner oss ikkje; du, Herre, er vår far, "vår utløysar frå eldgamal tid" er ditt namn.
17 Kvi let du oss vildra frå dine vegar. Herre? Kvi gjer du vårt hjarta hardt, so det ikkje ottast deg? Vend um for dine tenarar skuld, for dei ætter skuld som er din arv!
18 Eit lite bel hev ditt heilage folk havt landet i eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.
19 Det hev vorte med oss som du aldri hadde rådt yver oss, som namnet ditt aldri hadde vore nemnt yver oss.