Profeten Jesaja 62
1 For Sions skuld vil eg ikkje tegja, og for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som ein stråleglans, og hennar frelsa som ein brennande kyndel.
2 Og folki skal sjå di rettferd, og alle kongar din herlegdom, og du skal få eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.
3 Du skal vera ei herleg kruna i handi åt Herren og ein kongeleg hovudprydnad i handi åt din Gud.
4 Du skal ikkje heita "den forlatne" lenger, og ditt land ikkje heita "øydeland", men du skal heita "ho eg hev huglagt", og landet ditt "ektevivet"; for Herren hev hugnad i deg, og landet ditt skal verta ektevigt.
5 For som ein ungdom ektar ei møy, so skal dine born ekta deg, og som brudgomen gled seg i bruri, skal din Gud gleda seg i deg.
6 På murane dine, Jerusalem, set eg vaktmenner*; heile dagen og heile natti skal dei aldri tegja; de som minner Herren*, unn dykk ingi ro!
7 Og gjev ikkje han ro fyrr han byggjer Jerusalem upp att og let det verta til emne for lovsong på jordi.
8 Herren hev svore ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Eg skal ikkje lenger gjeva ditt korn til føde for fiendane dine, og ikkje skal utlendingar drikka di druvesaft, som du hev havt møda med;
9 men dei som haustar kornet, skal eta det og prisa Herren, og dei som sankar druvone, skal drikka safti i fyregardane til min heilagdom.
10 Drag inn, drag inn gjenom portane, ryd vegen for folket, brøyt, brøyt brauti, reinsa henne for stein, reis eit merke for folki!
11 Høyr, Herren let det ljoma til heimsens ende: Seg til Sions dotter: Sjå, di frelsa kjem; si løn hev han med seg, og hans vederlag gjeng fyre han.
12 Og dei skal kallast "det heilage folket", "Herrens løyste"; og du sjølv skal heita "den søkte", "byen som ikkje er aud".