«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 61

1  Herrens, Israels Guds Ande er yver meg; av di Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei audmjuke, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar og utløysing for dei bundne,

2  til å ropa ut eit nåde-år frå Herren og ein hemnedag frå vår Gud, til å trøysta alle som syrgjer,

3  til å gjeva dei syrgjande i Sion hovudprydnad i staden for oska, gledeolje i staden for sorg, lovsongs-klæde for vanmoda ånd, og dei skal heita rettferds terebintor, Herrens plantning til æra for han.

4  Dei skal byggja upp att eldgamle grushaugar, reisa upp att ruinar frå forfederne; dei skal nya upp att nedbrotne byar, det som hev lege i øyde frå ætt til ætt.

5  Framande skal standa og gjæta smalen dykkar, utlendingar dyrka åt dykk både åker og vingard.

6  Men de skal heita Herrens prestar, tenarar åt vår Gud skal dei kalla dykk; folke-eiga skal de njota, og deira herlegdom skal de få.

7  For dykkar skam fær de dobbelt att, og dei som leid skjemsla, skal prisa sin lut; difor fær dei dobbel lut i sitt land, æveleg gleda skal dei få;

8  for eg, Herren, elskar rett og hatar urett ran, og trufast vil eg gjeva dei løni deira og gjera ei æveleg pakt med dei.

9  Namngjeten vert deira ætt millom folki, og avkjømet deira millom folkeslagi; alle som ser dei, skal sanna at dei er ei ætt som Herren hev signa.

10  Eg vil gleda meg storleg i Herren, sjeli mi skal fegnast i min Gud; for han hev kledt meg i frelse-klæde, i rettferds-kåpa hev han sveipt meg, liksom brudgomen, som pryder seg med prestehuva, og liksom bruri som tek på seg sin prydnad.

11  For som jordi let sin grode renna, og hagen let sitt sæde veksa, so skal Herren, Israels Gud, lata rettferd og lovsong renna for alle folks åsyn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23