«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 60

1  Statt upp, vert ljos! For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn upp yver deg.

2  Sjå, myrker ligg yver jordi, og skydimma yver folki, men yver deg skal Herren renna upp, og yver deg skal hans herlegdom syna seg.

3  Og folkeslag skal fara til ditt ljos, og kongar til din strålande glans.

4  Lyft augo upp og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg; dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.

5  Då skal du sjå det og stråla av gleda, og hjarta skal banka og vida seg ut; for havsens rikdom skal venda seg til deg, folke-midelen koma til deg.

6  Mengdi av kamelar skal dekkja deg, kamelfolar frå Midjan og Efa; alle skal dei koma frå Sjeba; gull og røykjelse skal dei bera, og Herrens pris skal dei forkynna.

7  Alle sauer frå Kedar* skal samlast til deg, verar frå Nebajot tena deg; til hugnad for meg skal dei ofrast på mitt altar, og mitt herlege hus vil eg herleggjera.

8  Kven er det som kjem fljugande som skyer, som duvor til sine hus?

9  For på meg skal øylandi venta, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med dei - for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage skuld, for han gjer deg herleg.

10  Utlendingar skal byggja dine murar, og deira kongar skal tena deg; for i min harm hev eg slege deg, men i min nåde hev eg miskunna deg.

11  Dine portar skal stødt standa opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, so eiga åt folki kann førast inn i deg, med kongane deira i fangeflokken.

12  For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal ganga til grunns, og heidningane verta reint tynte.

13  Libanons herlegdom skal koma til deg, både cypress og løn og buksbom, til å pryda den stad der min heilagdom er, og den stad der føtene mine stend, vil eg herleggjera.

14  Bøygde skal borni åt trælkarane dine koma til deg, og alle dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føtene dine, og dei skal kalla deg Herrens by, Sion åt Israels Heilage.

15  Medan du fyrr var forlati og hata, so ingen tok vegen igjenom deg, vil eg gjera deg til ein æveleg herlegdom, til ei gleda for ætt etter ætt.

16  Du skal suga mjølk ifrå heidningfolki, ja, kongebrjost skal du suga, og du skal merka at eg, Herren, er din frelsar, og Jakobs Veldige din utløysar.

17  Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn; kopar i staden for tre og jarn i staden for stein, fred set eg til styremakt yver deg og rettferd til styrar åt deg.

18  Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, um herfang og øyding innum grensone dine, og du skal kalla frelsa murane dine og lovsongen portane dine

19  Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg æveleg ljos, og din Gud skal vera din herlegdom.

20  Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg æveleg ljos, og dine syrgjedagar skal vera ute.

21  Og ditt folk - dei er alle rettferdige; æveleg skal dei eiga landet; dei er då ein renning som eg hev planta, eit verk av mine hender til mi æra.

22  Den minste skal verta til tusund, og den ringaste til eit veldigt folk; eg, Herren, eg let det henda brått, i si tid.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23