Profeten Jesaja 6
1 Det året då kong Ussias døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kåpa hans fyllte templet.
2 Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger; med tvo gøymde dei andleti sine, med tvo gøymde dei føtene, og med tvo flaug dei.
3 Og den eine ropa til den andre og sa: Heilag, heilag, heilag er Herren allhers Gud; all jordi er full av hans herlegdom.
4 Dørstokk-postane riste når ropet ljoma, og huset vart fyllt med røyk.
5 Då sa eg: Usæl er eg! No er ute med meg; for eg er ein mann med ureine lippor, og eg bur millom eit folk med ureine lippor, og augo mine hev set Kongen, Herren, allhers Gud.
6 Då flaug ein av serafane burt til meg; han hadde i handi ein gloande stein, som han med ei tong hadde teke på altaret.
7 Med den rørde han ved munnen min, og so sa han: Sjå, denne hev rørt ved lippone dine; no er di misgjerd burte, og di synd er sona.
8 Då høyrde eg Herren tala og sa: Kven skal eg senda, og kven vil vera vår bodberar? Då sa eg: Sjå her er eg, send meg!
9 Og han sa: Gakk av stad og seg til dette folket: Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skyna ikkje!
10 Gjer hjarta hardt på dette folket, gjer øyro dauvhøyrde og klin augo att, so det ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skynar med hjarta, og vender um og vert lækt.
11 Då spurde eg: Kor lenge, Herre? Han sa: Til dess byane ligg aude og folketome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark.
12 Og Herren skal driva folket langt burt, og det vert ovleg audt i landet.
13 Og finst det endå att ein tiandepart i det, so skal den og øydast ut. Men liksom det vert ein stuv att av terebinta og eiki når ein feller dei, so skal eit heilagt sæde vera den stuven som vert att av folket.