«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 56

1  So segjer Herren: Akta på det som er rett, og gjer rettferd! For mi frelsa er alt i kjømdi, og mi rettferd skal syna seg snart.

2  Sæl er den mann som gjer dette, det menneske som held fast på det, som held sabbaten utan vanhelging og varar si hand frå vonde verk.

3  Den framande må ikkje segja, han som held seg til Herren: Herren vil visst skilja meg frå sitt folk! Og gjeldingen må ikkje segja: Sjå, eg er eit turka tre!

4  For so segjer Herren: Dei gjeldingar som vil halda mine sabbatar og velja det som eg hev hugnad i, og halda fast på mi pakt,

5  dei skal eg i mitt hus og innanfor mine murar gjeva eit minne og eit namn som er betre enn søner og døtter; eit æveleg namn skal eg gjeva dei, eit namn som aldri vert utrudt.

6  Og dei framande som held seg til Herren, og vil tena han og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, alle som held sabbaten utan vanhelging og held fast på mi pakt,

7  dei vil eg føra til mitt heilage berg og gleda dei i mitt bønehus, deira brennoffer og slaktoffer skal vera til hugnad på altaret mitt; for mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.

8  So segjer Herren, Israels Gud, han som samlar dei burtdrivne av Israel: Endå fleire vil eg samla til han, attåt dei som alt er samla til han.

9  Alle de villdyr i marki, kom og et, ja, alle de villdyr i skogen!

10  Israels vaktmenner er alle blinde, dei veit ingen ting. Alle er dei mållause hundar, som ikkje kann gøy; dei ligg og drøymer og likar å sova;

11  dei er hækne hundar, vert aldri mette. Og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Alle hev dei vendt seg sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein.

12  Kom*, eg skal henta vin, so vil me drikka rusdrykk; som i dag skal morgondagen vera, yverlag herleg!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23