Profeten Jesaja 55
1 Å, alle de tyrste, kom til vatnet, og de som ikkje hev pengar! Kom, kjøp og et, ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!
2 Kvi gjev de pengar ut for det som ikkje er brød, og dykkar vinning for det som ikkje kann metta? Å, høyr på meg! So skal de eta det som godt er, og dykkar sjel skal njota feitemat!
3 Halla øyra hit og kom til meg! Høyr, so skal dykkar sjel få leva! So gjer eg med dykk ei æveleg pakt og gjev dykk Davids* usviklege nåde.
4 Sjå, til vitne for folkeslag hev eg sett han*, til hovding og styrar for folkeslag.
5 Ja, du skal kalla på folk som du ikkje kjenner, og heidningfolk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg; for Herrens skuld, din Gud, og for Israels Heilage skuld, for han herleggjer deg.
6 Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær!
7 Den ugudlege vende seg frå sin veg og den urettferdige frå sine tankar og vende seg um til Herren, so skal han miskunna han, og til vår Gud, for han skal rikleg forlata.
8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, segjer Herren.
9 Nei, so høg som himmelen er yver jordi, so er mine vegar høgre enn dykkar vegar, og mine tankar høgre enn dykkar tankar.
10 For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit, men vatnar jordi og fær henne til å bera og gro og gjev såmannen såkorn og brød åt den som et,
11 so skal det vera med ordet mitt, som gjeng ut or min munn; det skal ikkje koma att til meg tomt, men verka det som eg vil, og fullføra det som eg sender det til.
12 For med gleda skal de draga ut, og i fred skal de verta førde fram; fjell og haugar skal setja i med fagnadrop fyre dykk, og alle tre på marki skal klappa i hender.
13 I staden for klunger skal det veksa cypressar, i staden for tistlar veksa myrt; dermed fær Herren eit ærenamn, eit æveleg merke, som aldri vert utstroke.