«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 54

1  Fagna deg, du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ikkje hadde rider! For den einslege kvinna hev fleire born enn ho som hev mann, segjer Herren.

2  Vida ut tjeldromet ditt, og lat dei spana ut tjeldet du bur i, hindra det ikkje! Tøyg tjeldsnorene dine, og slå pålane fast!

3  For du skal breida deg både til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar.

4  Ottast ikkje, for du skal ikkje verta sviken, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje verta til skammar. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og vanæra frå enkjestandet skal du ikkje minnast meir.

5  For din skapar er mannen din, Herren, allhers Gud, er namnet hans, og Israels Heilage er din utløysar, Gud for all jordi heiter han.

6  For som ei burtstøytt kvinna med hjartesorg kallar Herren deg, og kor kann ein skjota frå seg sitt ungdomsviv? segjer din Gud.

7  Ei liti stund gjekk eg frå deg, men i stor miskunn vil eg samla deg.

8  I ei harmflaga løynde eg mi åsyn for deg ei stund, men med æveleg nåde miskunnar eg deg, segjer Herren, utløysaren din.

9  For som Noah-flaumen er dette for meg; som eg svor at Noah-flaumen ikkje meir skal koma yver jordi, so hev eg no svore at eg ikkje meir vil harmast på deg eller skjenna på deg.

10  For um fjelli vik og haugane vert rikka, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje verta rikka, segjer Herren, han som miskunnar deg.

11  Du arme stormdrivne, som ingi trøyst hev funne! Sjå, eg legg dine steinar i blyglans og byggjer grunnmuren din med safirar;

12  eg gjer dine murtindar av rubinar og portane av karfunkelsteinar og heile din ringmur av dyre steinar.

13  Og alle dine born skal vera upplærde av Herren, og stor fred skal borni dine hava.

14  Ved rettferd skal du verta grunnfest; ver trygg for vald - du hev inkje å ottast, og for redsla, ho når deg ikkje!

15  Slær dei seg saman mot deg, so kjem det ikkje frå meg; dei som slær seg saman mot deg, skal falla i striden mot deg.

16  Sjå, eg skaper smeden, som blæs i kolelden og lagar våpen til sitt bruk, og eg skaper tynaren med til å gjera mein.

17  Alle våpen som dei smider mot deg, skal vanheppast, og kvar tunga som trettar med deg, skal du få domfelt; det er den arv som Herrens tenarar fær, og den rett eg gjev dei, segjer Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23