«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 53

1  Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?

2  Han* rann som ein kvist for hans augo, som ein renning or turre jordi; hadde han ingen skapnad eller herlegdom, me såg han, men han såg ikkje hugnadleg ut.

3  Vanvyrd var han, so folk heldt seg undan, ein mann i pinslor og velkjend med sjukdom*, han var som ein som ingen vil sjå på, vanvyrd, og me rekna han for inkje.

4  Men våre sjukdomar var det han tok på seg, og våre pinslor var det han bar, medan me trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og nedbøygd.

5  Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder; straffi låg på han, so me skulde få fred, og ved hans sår hev me fenge lækjedom.

6  Alle for me vilt som sauer, me vende oss kvar sin veg; men Herren let råma han det som me hadde skuld i alle.

7  Skamfaren vart han, endå han var nedbøygd, og han let ikkje upp sin munn, som lambet dei fører til slakting, og sauen som tegjer når han vert klypt; han let ikkje upp sin munn.

8  Med vald og dom vart han teken burt; men kven i hans samtid tenkte vel då han vart utrudd or levandelandet, at det var for mitt folks brot han vart heimsøkt?

9  Millom ugudlege gav dei han grav, men hjå ein rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.

10  Men det tektest Herren å krasa han, han slo han med sjukdom; når hans sjel bar fram skuldofferet, skulde han sjå avkjøme og leva lenge, og Herrens vilje skulde hava framgang ved han.

11  For si sjele-møda skal han sjå det* og mettast; når dei kjenner han, skal min rettvise tenar gjeva rettferd til mange; og deira misgjerningar skal han bera.

12  Difor vil eg gjeva han mange til lut, og sterke skal han få til herfang, for di han tømde si sjel* til dauden og vart rekna millom brotsmenner, medan han bar syndi åt mange, og han bad for brotsmenner.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23