Profeten Jesaja 51
1 Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på fjellet de er hogne utor, brunnen som de er gravne utor!
2 Sjå på Abraham, dykkar far, og på Sara, som fødde dykk! Berre ein var han då eg kalla han, og eg signa han og gjorde ætti hans stor;
3 for Herren trøystar Sion, trøystar alle ruinane hennar; audheidi hennar gjer han lik Eden, og øydemarki lik Herrens hage; frygd og gleda skal finnast der, lovsong og jubeltonar.
4 Høyr på meg, du mitt folk, og lyd på meg, du min lyd! For lov skal ganga ut frå meg, og min rett vil eg setja til ljos for folki.
5 Mi rettferd er nær, mi frelsa kjem til synes, og mine armar skal hjelpa folki til rett; øylandi skal venta på meg, og på min arm skal dei stunda.
6 Lyft augo upp til himmelen, og sjå på jordi her nede! For himmelen skal kverva som røyk, og jordi skal eldast som eit klædeplagg, og dei som bur der, skal døy som my; men mi frelsa skal vara æveleg, og mi rettferd skal aldri få ende.
7 Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk som hev mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskespott, og reddast ikkje deira hædingsord.
8 For mòl skal eta dei som klæde, og åt skal eta dei som ull; men mi rettferd skal vara æveleg, og mi frelsa frå ætt til ætt.
9 Vakna, vakna, klæd deg i styrke, du Herrens arm! Vakna upp som i gamle dagar, som i fordoms tid! Var det ikkje du som felte Rahab* og stakk sjøtrollet i hel?
10 Var det ikkje du som turka ut havet, vatnet i store-djupet, og som gjorde havbotnen til veg, so det frelste folket kunde fara der?
11 So skal Herrens utløyste snu heim og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.
12 Eg, eg er dykkar trøystar; kven er då du, at du reddast for menneske, som skal døy, for mannsborn, som vert liksom gras,
13 at du gløymer Herren, din skapar, som spana ut himmelen og grunnfeste jordi, og reddast stødt all dagen for valdsmanns vreide, når han legg pili til rettes og vil øydeleggja? Kvar er då valdsmanns vreide?
14 Snart skal han verta løyst, han som ligg i lekkjor, han skal ikkje døy og ganga i gravi, og ikkje skal han vanta brød.
15 Og eg er Herren, din Gud, som rører upp havet so bårone bruser - Herren, allhers Gud, er namnet hans.
16 Og eg la mine ord i munnen din og gøymde deg i skuggen av handi mi, so eg kunde planta ein himmel og grunna ei jord og segja til Sion: Du er mitt folk.
17 Råd or, råd or, reis deg, Jerusalem, du som laut drikka vreide-staupet som du fekk av Herrens hand! Den store tumleskåli laut du tøma radt til siste dropen.
18 Ho hev ingen som leider henne, av alle dei born ho hev født, og ingen som tek henne i handi, av alle dei søner ho hev fostra.
19 Tvo ting var det som råma deg - kven ynkar deg? - øyding og tjon, svolt og sverd - korleis skal eg trøysta deg?
20 Borni dine seig ned og låg på alle gatemot som ein hjort i garnet, dei vart fyllte med Herrens brennande harm, med trugsmål frå din Gud.
21 Difor, høyr då dette, du arming, du som er drukken, men ikkje av vin!
22 So segjer herren din, Herren, din Gud, som fører saki åt folket sitt: Sjå, eg hev teke tumleskåli or handi på deg; or mitt store vreide-staup skal du aldri drikka meir.
23 Og eg gjev det i handi på plagarane dine, dei som sa til deg: Legg deg ned, so me kann få ganga yver deg, og so gjorde du din rygg lik flate marki, til ei gata for dei som gjekk yver.