Profeten Jesaja 5
1 Eg vil syngja um min ven, syngja songen åt min ven um hans vingard. Min ven hadde ein vingard på ein grøderik haug.
2 Han hakka han upp og reinsa han for stein og sette gode vintre der; han bygde eit tårn midt i han og hogg attpå ei vinpersa. So venta han seg ein haust av gode druvor, men fekk berre villbær.
3 Og no, de Jerusalems-buar og Juda-menner, døm millom meg og min vingard!
4 Kva meir var det å gjera med min vingard enn det eg hev gjort? Kvi bar han villbær når eg venta meg gode druvor?
5 So vil eg då kunngjera dykk kva eg etlar meg til å gjera med vingarden min: Eg vil taka burt gjerdet, so han vert avbeitt, brjota ned muren, so han vert nedtrakka.
6 Eg vil gjera han til ei øydemark; han skal aldri verta kvista eller graven, so han gror full av torn og tistel, og skyene vil eg bjoda at dei ikkje skal senda regn yver han.
7 For vingarden åt Herren, allhers Gud, er Israels hus, og Juda-mennene hans kjæraste plantning; og han venta rett, men ser blodspille, han venta rettferd, men høyrer skrik.
8 Usæle de som legg hus til hus og åker til åker, til dess det inkje meir rom finst, so de vert buande åleine i landet!
9 Frå Herren, allhers Gud, kling det i øyro mine: Sanneleg, mange hus skal verta aude, store og gode hus skal standa tome;
10 for ein vingard på ti dagars plogland skal berre gjeva av seg ein bat*, og ein homer utsæde berre ein efa**.
11 Usæle dei som er tidleg uppe og hastar til sterk drykk og sit utetter natti eldraude av vin!
12 Citar og harpa og trumma og fløyta og vin hev dei i drikkelagi sine; men Herrens verk ser dei ikkje, og det hans hender hev gjort, hev dei ikkje auga for.
13 Difor lyt folket mitt fara i utlægd fyrr det varast, stormennene lid hunger, og den ståkande hopen ormektast av torste.
14 Difor vert helheimen dess meir grådig og spilar upp sitt gap umåteleg, og ned sturtar dei store i byen og hopen som ståkar og bråkar, og alle som hev gaman der.
15 Då vert menneskja bøygt, og mannen mykt, og dei ovmodige lyt slå augo ned.
16 Men Herren, allhers Gud, vert høg ved domen, og den heilage Gud syner seg heilag ved rettferd.
17 Og lamb skal beita der som på si eigi mark, og jordi åt rikmennene* ligg aud og vert avbeitt av framande.
18 Usæle dei som dreg fram misgjerningi med lygnetog og syndi liksom med vognreip,
19 dei som segjer: Lat han hasta og skunda seg med verket sitt, so me kann få sjå det! Lat Israels Heilage fullføra si rådgjerd, so me kann få kjenna henne!
20 Usæle dei som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer myrker til ljos og ljos til myrker, dei som gjer beiskt til søtt og søtt til beiskt!
21 Usæle dei som er vise i sine eigne augo og kloke i sine eigne tankar!
22 Usæle dei som er kjempor til å drikka vin og djerve karar til å blanda sterk drykk,
23 dei som gjev den skuldige rett for gåvor skuld og tek retten frå dei rettferdige!
24 Difor, liksom elden øyder halm, og høy skrøkk saman i logen, soleis skal roti deira rotna, og blomen føykjast burt som dust, for di dei hev vraka lovi åt Herren, allhers Gud, og vanvyrdt ordet åt Israels Heilage.
25 Difor logar Herrens vreide upp imot folket hans, og han retter handi ut imot det og slær det, so fjelli skjelv, og liki ligg som sorp og saur på gatone. Men med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.
26 Og han reiser eit hermerke for heidningfolki langt burte og blistrar fienden hit frå enden av jordi*; og sjå, snart og snøgt kjem han.
27 Det finst ingen der som er trøytt eller snåvar, ingen som blundar eller søv; beltet um livet losnar ikkje, og ingi skoreim slitnar.
28 Pilene åt fienden er kvasse, og bogane hans er alle spente; hovane på hestane er som flint, og vognhjuli hans likjest stormen.
29 Buringi hans er som løve-buring, han burar som ungløvone; grylande grip han sitt rov og ber det burt, og det er ingen som bergar.
30 Det durar inn yver det* på den dagen som når havet durar; og skodar ein på jordi, so er det myrker. Trengsla og ljos! Det vert myrkt på den skylagde himmelen**.