Profeten Jesaja 45
1 So segjer Herren til sin salve-vigde, til Kyros, som eg held i hans høgre hand for å kasta heidningfolk til jordi for han og løysa beltet av kongar, for å opna dører for han, og so ingi portar skal vera stengde:
2 Sjølv vil eg ganga fyre deg, og bakkar vil eg jamna, kopardører vil eg sprengja, og jarnslåer vil eg hogga sund.
3 Og eg vil gjeva deg skattar som er dulde i myrkret, og rikdomar som er gøymde på løynlege stader, so du skal vita at eg er Herren, som kalla deg på namn, Israels Gud.
4 For min tenar Jakobs skuld og Israel, min utvalde, kalla eg deg på namn, gav eg deg ærenamn, endå du ikkje kjende meg.
5 Eg er Herren, og ingen annan; utan meg finst det ingen Gud. Eg væpna deg, endå du ikkje kjende meg,
6 so dei skal vita både i aust og vest at det finst ingen annan enn eg; eg er Herren, og ingen annan,
7 eg som er upphavet til ljoset og skapar åt myrkret; som gjev velferd og skaper uferd; eg, Herren, gjer alt dette.
8 Lat det drjupa, de himlar, ovanfrå, og frå skyene fløyme det rettferd! Jordi skal lata seg upp og bera frelsa, og rettferd skal ho og lata renna. Eg, Herren, skaper det.
9 Usæl den som trettar med skaparen sin, eit skålbrot millom dei andre av jord! Kann leiret segja til formaren: Kva gjer du? eller verket ditt segja um deg: Han hev ikkje hender?
10 Usæl den som segjer til far sin: Kvifor avlar du? og til kvinna: Kvifor føder du?
11 So segjer Herren, Israels Heilage, og skapar: Spør meg um det som kjem! Lat meg syta for mine born og det verk mine hender hev gjort!
12 Det var eg som gjorde jordi, og folket der hev eg skapt; mine hender spana ut himmelen, og all hans her baud eg ut.
13 Det er eg som hev vekt han* i rettferd, og alle hans vegar vil eg jamna; han skal byggja upp min by og senda heim mitt landlyste folk, og det utan vederlag eller gåva, segjer Herren, allhers Gud.
14 So segjer Herren: Rikdomen frå Egyptar-land og vinningi frå Etiopia og Saba-mennene, rørslege karar, skal koma til deg og høyra deg til; deg skal dei fylgja, i lekkjor skal dei ganga, og for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud, og det finst ingen annan, ingen annan Gud.
15 I sanning, du er ein løyndomsfull Gud, du Israels Gud, du frelsar!
16 Til spott og skam vert dei alle saman; alle i hop gjeng dei burt med vanæra, gudemakarane.
17 Israel vert frelst ved Herren med æveleg frelsa; i all æva skal de sleppa å verta til spott og skam.
18 For so segjer Herren, himmelskaparen, han som er Gud, han som hev gjort og laga jordi, han som hev grunnfest henne, han som ikkje skapte henne til ei audn, men laga henne til bustad for folk: Eg er Herren, og ingen annan.
19 Ikkje i løyndom hev eg tala, ikkje ein stad i eit myrkt land; ikkje hev eg sagt til Jakobs-ætti: Søk meg fåfengt! Eg, Herren, talar rettferd, forkynner det som er rett.
20 Samla dykk og kom, stig fram alle saman, de som hev sloppe undan heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sine trebilete og bed til ein gud som ikkje kann frelsa.
21 Forkynn og seg ifrå! Ja, lat dei samrådast alle saman! Kven hev kunngjort dette frå fordom, forkynt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud; ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg.
22 Vend dykk til meg, so vert de frelste, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv hev eg svore, eit sanningsord er gjenge ut or min munn, eit ord som ikkje vender att: For meg skal kvart eit kne bøygja seg, meg skal kvar ei tunge sverja truskap.
24 Berre hjå Herren, skal dei segja um meg, er rettferd og styrke; til han skal dei koma, og skjemde skal dei verta alle som harmast på han.
25 Ved Herren skal dei få sin rett, og av han skal dei rosa seg, heile Israels folk.