«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 43

1  Og no, so segjer Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver uredd! Eg hev løyst deg ut, ropa deg på namn, du er min.

2  Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ikkje fløyma yver deg; gjeng du gjenom eld, skal du ikkje svida deg, og logen skal ikkje brenna deg;

3  for eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar; eg gjev Egyptar-land til løysepeng for deg, Etiopia og Seba i staden for deg.

4  For di du er dyr for meg, er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneske burt for deg og folkeslag for ditt liv.

5  Ver ikkje redd! Eg er med deg. Austanfrå vil eg lata ætti di koma, og vestanfrå vil eg samla deg.

6  Eg vil segja til nordheimen: Kom med dei! Og til sudheimen: Haldt dei ikkje att! Kom med sønene mine langt burtanfrå og døtterne mine frå enden av jordi,

7  kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, som eg hev laga og gjort.

8  Før fram det blinde folket som hev augo, og dei dauve som hev øyro like vel!

9  Lat alle heidningefolk samla seg, alle folkeslag møta! Kven av dei* er det som kunngjer slikt**? Lat dei segja oss kva dei fyrr hev spått***! Lat dei møta med vitne, so dei kann få rett, lat dei høyra og segja: Det er sant!

10  De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar, som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at eg er Gud*; Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.

11  Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.

12  Eg hev forkynt det og frelst, eg hev kunngjort det, og det var ingen framand gud hjå dykk. De er mine vitne, segjer Herren, og eg er Gud,

13  Ja, alt frå dag vart til, er eg det, og ingen kann berga or mi hand; det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort?

14  So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld sender eg bod til Babel og driv dei alle saman på flukt nedetter elvi, eg let kaldearane røma på dei skipi som var deira hugnad.

15  Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge.

16  So segjer Herren, som gjorde veg i havet, ein stig i dei veldige vatni,

17  som let vogner og hestar, her og stridsmakt draga ut - dei ligg der alle og reiser seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som ein lampeveik -:

18  Tenk ikkje på det som fyrr hev vore, akta ikkje på det som framfare er!

19  Sjå, eg gjer noko nytt, no skal det renna upp; de skal nok få sjå det! Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki.

20  Villdyri skal æra meg, sjakalar og strussar, for di eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt folk, mine utvalde, kann få drikka.

21  Det folk eg hev skapt meg, skal forkynna min pris.

22  Men på meg hev du ikkje kalla, Jakob, so du gjorde deg bry for meg, Israel!

23  Ikkje hev du gjeve meg dine brennofferlamb, og ikkje æra meg med dine slaktoffer; ikkje hev eg mødt deg med matoffer og ikkje brytt deg med røykjelse.

24  Ikkje hev du kjøpt meg kalmus* for sylv, og ikkje metta meg med feittet frå dine slaktoffer. Nei, du hev berre mødt meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar.

25  Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.

26  Minn meg*, so gjeng me saman til doms! Fortel du, so du kann få rett!

27  Den fyrste far din synda, og dine målsmenn var utrue mot meg;

28  so laut eg vanhelga heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og gjeva Israel til spott.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23