«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 41

1  Høyr stilt på meg, de øyland! Lat folki få seg ny kraft, lat dei koma hit og so tala! Lat oss fylgjast fram for retten!

2  Kven vekte frå Auster-land han* som sigeren møter kvar han set foten? Han gjev folkeslag i hans vald og let han råda yver kongar, han gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos.

3  Han* elter dei, uskadd fer han ein veg der han aldri fyrr kom med sin fot.

4  Kven gjorde og fullførde dette? - Han som frå upphavet kalla ættene fram; eg, Herren, eg er den fyrste, og eg er hjå dei siste med.

5  Øylandi ser det og reddast, jordheims utbygder skjelv; dei stimar i hop og kjem.

6  Den eine hjelper den andre og segjer til sin bror: Ver hugheil!

7  Treskjeraren modar upp gullsmeden, og platemakaren smeden, og han segjer um loddingi: Ho er god; so fester han biletet med spikar, so det skal standa stødt.

8  Men du Israel, min tenar, du Jakob, som eg valde ut, du ætt av Abraham, min ven!

9  Du som eg tok i handi og henta frå heimsens endar og kalla frå ytste utkant og sa til deg: Du er min tenar, eg hev valt deg ut og ikkje vanda deg!

10  Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg uppe med mi rettferds høgre hand.

11  Sjå, dei vert til spott og skam alle dei som harmast på deg; dei vert til inkjes og gjeng til grunns dei som tretter med deg;

12  leitar du, finn du dei ikkje, dei som kivast med deg; dei vert til null og ingen ting dei som strider mot deg.

13  For eg er Herren din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.

14  Ver uredd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! Eg hjelper deg, segjer Herren, og din løysar er Israels Heilage.

15  Eg gjer deg til ei treskjevogn, ei ny og kvass med mange tenner; du skal treskja fjell og krasa dei, og haugar skal du gjera um til agner.

16  Du skal kasta dei med skovl, og vinden skal taka dei, og stormen skal spreida dei ikring; men du skal frygda deg i Herren og rosa deg av Israels Heilage.

17  Dei arme og fatige leitar fåfengt etter vatn, medan tunga brenn av torste. Eg, Herren, eg vil svara dei; eg, Israels Gud, eg vil ikkje svika dei.

18  Eg vil lata elvar fløyma på snaude haugar og ollor springa midt i dalar; øydemarki vil eg gjera til ein sjø og turre landet til ein kjeldevang.

19  I øydemarki vil eg lata sedrar veksa, akasia, myrt og oljetre; på aude heidi vil eg setja cypress i lag med løn og buksbom,

20  so dei alle kann sjå og vita vel og merka seg og skyna grant at Herrens hand hev gjort det, og Israels Heilage skapt det.

21  Kom hit med saki dykkar, segjer Herren; kom fram med dykkar grunnar, segjer Jakobs konge.

22  Lat dei* koma fram med dei og kunngjera oss kva som skal henda! Kunngjer oss kva de fyrr hev spått, so me kann akta på det og sjå um det vert uppfyllt! Eller lat oss høyra kva som kjem!

23  Seg frå kva som sidan skal koma, so me kann sjå at de er gudar! Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt, so me kann sjå det alt med undring!

24  Men de er ingen ting, og dykkar verk er inkjevetta; ein styggedom er den som vel seg dykk!

25  Eg vakte han frå nord, og han kom frå aust; han som skal kalla på mitt namn; han skal trakka på hovdingar som var dei leir, lik pottemakaren som stampar leira.

26  Kven hev kunngjort dette frå det fyrste, so me kunde vita det, frå fordom, so me kunde segja: Han fekk rett? Ingen hev kunngjort noko, ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko.

27  Eg er den fyrste som segjer til Sion: Sjå der er dei, og som sender Jerusalem eit gledebod.

28  Eg ser meg um, men der er ingen, og ingen av dei kann gjeva råd, so eg kunde spyrja dei, og dei svara.

29  Sjå heile flokken! Deira verk er ingen ting og inkjevetta, og deira bilete er vind og fåfengd.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23