«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 4

1  Og på den dagen skal sju kvinnor triva i ein og same mann og segja: Me vil sjølve både føda og klæda oss, berre me fær bera namnet ditt! Tak burt vanæra vår!

2  På den dagen skal Herrens renning vera til pryda og herlegdom, og landsens frukt gild og fager for dei undankomne av Israel.

3  Og det skal vera soleis, at den som vert att på Sion og etterleivd i Jerusalem, han skal kallast heilag, kvar og ein som er innskriven til livet i Jerusalem -

4  når Herren fær tvætta av ureinska hjå Sions døtter og skylt blodskuldi ut or Jerusalem med doms-ande og reinsings-ande.

5  Og yver kvar stad på Sions-fjellet og yver møtelydane der skal Herren skapa ei sky og ein røyk um dagen og skinet av ein logande eld um natti; for yver alt som er herleg, er det eit tjeld.

6  Og ei hytta skal vera til skugge mot dagsens hete og til livd og skjol mot uver og regn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23