Profeten Jesaja 39
1 Ved det leitet sende Merodak Baladan, son åt Baladan og konge i Babel, nokre menner med brev og gåvor til Esekias, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att.
2 Esekias var glad for dei kom, og han synte dei skatthuset sitt, sylvet og gullet og dei angande kryddone og den kostsame oljen og heile våpenhuset sitt og alt det som var i skattkammeri hans; det fanst ikkje ein ting i hans hus og i heile hans rike anna han let dei få sjå det.
3 Då kom profeten Esaias til kong Esekias og spurde han: Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå til deg? Esekias svara: Dei kom frå eit land langt burte - frå Babel.
4 Hin spurde: Kva fekk dei sjå i huset ditt? Esekias svara: Alt som er i huset mitt, fekk dei sjå; det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte dei.
5 Då sa Esaias til Esekias: Høyr no ordet frå Herren, allhers Gud:
6 Det kjem ei tid då alt det som finst i huset ditt, og alle skattane som federne dine hev samla alt til denne dag, skal førast burt til Babel; det vert ingen ting att, segjer Herren.
7 Og sume av sønene dine som skal ættast frå deg, som du er far til, skal dei taka og gjera til hirdmenner i slottet åt kongen i Babel.
8 Esekias svara: Det ordet du segjer meg frå Herren, er godt. Og han la til: Det skal då få vera fredleg og trygt so lenge eg lever.